Hopp til innhold

Matkanalen går betre enn venta

Matkanalen veks i ei tid der andre må kutta. Kvar veke ser 200.000 nordmenn på tv-kanalen som blir drifta frå Haugesund.

Matkanalen

Matkanalen er ein nisjekanal, som sendar matprogram frå heile verda. Den blir drifta frå Haugesund.

Foto: matkanalen.tv/

– Det har vore eit veldig kjekt år, og det har gått mykje betre enn det me kunne ha håpt på, seier eigar og dagleg leiar av Matkanalen, Øyvind Lindøe.

I ei tid der nedbemanning og kutt er daglegdags, har den nye tv-kanalen Matkanalen nådd sine mål og vel så det, i løpet av det første driftsåret.

Nisjekanalen blir drifta frå Haugesund, og når no over 80 prosent av landets befolkning. Den har 80.000 daglege sjåarar på det meste, og i løpet av ei veke er om lag 200.000 sjåarar innom og ser i gjennomsnitt 25 minutt.

Øyvind Lindøe

Øyvind Lindøe er eigar og dagleg leiar av Matkanalen.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Eg trur me får litt gratis sidan me er på dei fleste tv-boksane rundt om i Norge. Og i ei undersøking sa ein av tre at dei hadde høyrt om kanalen, og det er eg godt nøgd med, seier Lindøe.

Ein suksess å drifta frå Haugesund

Matkanalen sender matprogram frå heile verda. Nokre er kjøpte inn, men mange av programma produserer kanalen sjølv. Matkanalen bruker produksjonsmiljø både i Oslo og lokalt i Rogaland for å laga programma.

Øyvind Lindøe er klar på at ein av suksessoppskriftene til kanalen er at den held til i Haugesund.

– Det hadde ikkje gått dersom me skulle ha gjort det i Oslo. Alt frå husleige, til lønningar trur eg er dyrare. Og eg trur det har vore ein av føresetnadane, at me har eit litt anna kostnadsnivå, og at folk er meir vande med å ha fleire funksjonar, seier Lindøe.

Kjende fjes

Det første året har Matkanalen berre blitt vist på vanleg tv, det blir det ei endring på i 2017.

– Me prøver å få til litt meir strøyming, slik at folk kan sjå oss på telefonar og ipader.

Matkanalen skal også sende prisutdelinga til Det norske måltid og NM i lunsj for 9.-klassingar som begge blir arrangerte i Stavanger. I tillegg har Matkanalen sikra seg fleire kjende programleiarar.

– Me har brukt mange i året som har vore. Og Line Verdal som er kjend frå Himmelblå på NRK, ho skal ha ein ny serie som begynner no i mars. Sidan kanalen er ny, og det er mykje som er nytt, så må du ha noko som du kjenner igjen, og då kan det vera desse programleiarane og kokkane, seier Lindøe.

Flere nyheter fra Rogaland