Hopp til innhold

Rekordoptimisme i oljebransjen

Fleire bedrifter på Sør-Vestlandet har trua på vekst og betre tider i 2017, viser ei undersøking fra SR-Bank. Sjeføkonom vart overraska over dei oppløftande tala.

Understellet på PH-plattformen på Valhall-feltet

Det er betre tider for oljebransjen på Vestlandet. Fleire bedrifter fortel om arbeidsauke og optimisme.

Foto: Eirin Larsen/NRK/Illustrasjonsfoto

– Tala viste såpass stor endring at sjølv ein optimist som meg vart veldig overraska, seier sjeføkonom Kyrre Knudsen i Sparebank 1- SR-bank.

Kyrre M. Knudsen

Kyrre M. Knudsen i SR-bank er overraska over dei gode tala i undersøkinga.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Etter nær tre år med nedtur, har fleire bedrifter i Rogaland, Hordaland og Agder no trua på at det skal gå oppover. Fem prosent fleire, frå 54 til 59 prosent, svarar at dei forventar vekst. Det er større optimisme enn SR-Bank har sett sidan 2014.

– No ser det endeleg betre ut igjen. Bedriftene ventar vekst og dei tilsette ventar aktivitet det neste året, seier Knudsen.

– Arbeidsløysa kjem til å falle meir

Konjunkturbarometeret til Sparebank 1 SR-bank er basert på svar frå 600 bedrifter i Rogaland, Hordaland og Agder. Og det er i Rogaland, fylket som i dag har den høgaste arbeidsløysa i landet på 4,3 prosent, at optimismen aukar mest.

Truls Nordahl

Truls Nordahl, Nav-leiar i Rogaland, seier at det er betydeleg fleire bedrifter som no skal tilsetje.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det er betydeleg fleire bedrifter som no skal tilsetje. Det betyr fleire jobbar, ein betre arbeidsmarknad og at arbeidsløysa kjem til å falle, seier han.

Nav-leiar i Rogaland, Truls Nordahl, har sett liknande tal sjølv i si eiga bedriftsundersøking.

– Arbeidsløysa er i ferd med å falle og talet på nye permitterte og oppsagde kvar månad er nesten null, seier han.

Krisa er ikkje avblåst

Men sjølv om det no er fleire bedrifter i oljenæringa som seier at det går betre, er det ikkje tilfelle for alle.

– Sjølv med dei gode tonane vil arbeidsløysa bli verande høg ei stund til, seier Nordahl.

– Det er eit stort spenn. Nokon opplever framleis krevjande tider, men det er gledeleg å sjå at stadig fleire bedrifter går frå nedgang til stabilitet eller auke. Om ein summerer alt ser det ganske mykje betre ut enn det gjorde for eit halvt, og særleg eit, år sidan, seier Knudsen.