Hopp til innhold

På Hundvåg brukte dei St.Hansbålet frå i fjor

Alt låg til rette i fjor, for eit flott St.Hansbål nede ved sjøen på vestsida av Hundvåg. Men så blei vinden så sterk at brannvesenet nekta oppfyring. Derfor blei fjorårets bål til årets bål.

Sankthans på Hundvåg.

– Det er rekordstort bål me har i år. Det som blei samla inn i fjor og i tillegg det som har kome til dette året.

Nils Olav Opsanger framfor bålet frå "i fjor".

Nils Olav Opsanger framfor bålet frå 'i fjor'.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Det fortel Nils Olav Opsanger, som bur i Makrellveien i bydelen Hundvåg i Stavanger. Litt ekstra tremateriale har folk kome med dette året også, men mesteparten har "overvintra".

– Så naboane har hatt mulighet til å beundra bålet eit heilt år, før det blei sett fyr på i kveld, seier Opsanger.

Tom Østbø med dottera Celine (5) på St.Hansfeiring på Hundvåg

Tom Østbø med dottera Celine (5) på St.Hansfeiring på Hundvåg.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Flott bål

Julie Hellvik Wolden er seks og eit halvt år og står og kikkar på bålet.

– Det er fint, men det er litt for stort til å grilla pølser på, slår ho fast.

Les også: Kjemper for fri på St. Hans-dagen

– Har du fått pølser på spidd i kveld då?

– Ja, men dei åt me før me drog ned hit, seier Julie.

Og Julie veit kvifor me feirar Jonsok. Det er ikkje for å få ein sjanse til å grilla pølser.

St. Hansbål ved Makrellveien, Hundvåg vest.

St. Hansbål ved Makrellveien, på vestsida av Hundvåg, Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Nei det er fordi det er den lysaste dagen i året, slår ho fast.

Kappkjøring med trillebår

Nokre hundre meter lengre nord på Hundvåg, ved Sandvågen, er mellom hundre og to hundre menneske samla. Bålet blir først tent klokka 20, men før det er det leikar og aktiviteter for borna og for foreldra.

Tom Østbø kjører trillebår, med Celina på fem år oppi.

– Eg trur det blei uavgjort med dei eg konkurrerte med og når Celina fekk premie, så er både ho og eg veldig godt nøgd, seier han.

Trillebårløp, Morteveien, Hundvåg vest

Tom Østbø med dottera Celina på fem år, deltok i trillebårløpet på Hundvåg.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Både han og dei mange andre familiane som hadde møtt opp på arrangermentet skrytte uhemma av dei som hadde tatt seg bryet med å laga til ei skikkeleg St-Hans-feiring.

– Eg har ikkje vore med på å arrangera. Eg berre nyt godene. Men ein annan gong bør nok eg også trø til, seier han.