Hopp til innhold

Trur «Vikingane» kan lokka turistar

Reiselivet på Haugalandet er svært nøgde med at tv-serien «Vikingane» ser ut til å bli selt til USA. Dei trur det vil gi store moglegheiter for turismen.

Vikingane

SATSAR INTERNASJONALT: Episodane vert spelt inn på båe engelsk og norsk, for å gjere det lettare å selje «Vikingane» internasjonalt.

Foto: NRK

– Nasjonalt veit me at NRK-serien Anno har betydd mykje for Fredrikstad, og internasjonalt har New Zealand fått mange filmturistar på grunn av Ringenes Herre-filmane, seier reiselivssjef Vigleik Dueland i Destinasjon Haugesund og Haugalandet.

Vigleik Dueland

KJEMPAR OM TURISTANE: Vigleik Dueland er reiselivssjef, og håpar på å setja Haugalandet på kartet for vikingturisme.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Sist veke starta innspelinga av sesong to av NRK-serien «Vikingane» på Avaldsnes, og dei skal også filme i Haugesund og Stavanger. No ligg det også an til at serien kan bli selt til USA, og det kan bety god reklame for reiselivet i regionen.

Men for å utnytte moglegheitene «Vikingane» gir, treng reiselivssjefen hjelp frå større aktørar enn det lokale destinasjonsselskapet.

– Viss me kan få med oss Innovasjon Norge og Fjord Norge til å trykka på, og gjera noko kryssmarknadsføring rundt dette ved lanseringa, så vil det sjølvsagt hjelpa på å setta vår region på kartet, seier Dueland.

Skal filma fleire stader på Haugalandet

I år er det ikkje berre Avaldsnes på Karmøy som får besøk av «Vikingane». Filmteamet skal vidare til Landa gard i Forsand og til Skottland. Men i ei dryg veke før turen går til Forsand, flyttar produsent Anders Tangen innspelinga til andre stader på Haugalandet.

Innspilling av Vikingane sesong 2

HÅPAR PÅ TURIST-BOOM: Reiselivet meiner serien som eksportvare vil auke turismen i området. Her frå innspelinga i førre veke.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Me filmar i dette området i ein 10-dagars periode. Og då skal me mellom anna til Visnesgruvene og Sandvesand, seier Tangen.

– Har du nokre tips til dei som no vil bruka moglegheita til å få marknadsført reiselivet i regionen?

– Ta kontakt med oss, så kan me hjelpa. Potensialet er veldig stort, og dei kan få bilete og materiale frå oss, som dei kan bruka i marknadsføringa, seier Tangen.

Innspillingen er i gang!

NY SESONG: Innspelinga av sesong 2 er godt i gang, og gjengen held seg på Haugalandet utover veka.

Med i kampen om vikingturistane

Destinasjon Haugesund og Haugalandet marknadsførar seg som «Homeland of the Viking Kings». Avaldsnes var staden der Harald Hårfagre etablerte sitt kongssete etter å ha samla Noreg til eitt rike, og det er mange Viking-kongar som har regjert frå Avaldsnes.

I dag jobbar sterke krefter i regionen med å realisera «Thors rike» i Sveio, som er ein fornøyelsespark med vikingtema. I tillegg er verdas største vikingskip, Draken Harald Hårfagre, bygd i Haugesund. I fjor seglde skipet frå Haugesund – over Atlanteren i vikinganes kjølvatn – og besøkte ei rekke store byar i USA, deriblant New York.

TV-serien «Vikingane» kan vera brekkstonga som gir regionen førarsetet i kampen om vikingturismen i Norden. For Viking-namnet er kjent ute i verda.

– Me gjorde ei undersøking i fjor for å finne ut kva som var det mest søkte ordet når ein søker på Noreg, og det er Viking, seier Dueland.

– Så her det moglegheiter?

– Det får me håpa, og me får håpa at me greier å gripa dei godt.