Hopp til innhold

Vil ha romstrategi ned på jorda

Det er store forventningar til regjeringa sin nye romstrategi. Dekan Øystein Lund Bø ved Universitetet i Stavanger (UiS) er mest opptatt av å få den jordnær.

Øystein Lund Bø

Dekan Øystein Lund Bø ved UiS peikar på at det kan vera interessant å overvaka vêr, miljø, transport og energibruk gjennom jordobservasjonar.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Det viktige med ein romstrategi er å få den ned på jorda. Å bevega seg frå å snakka om reiser til mars og månen til å fokusera på jordobservasjonar og bruka det til noko praktisk, meiner dekanen ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ved UiS.

Regjeringa sin nye romstrategi skal etter planen presenterast i haust, og nyleg blei det arrangert eit innspelsmøte i Stavanger til strategien.

Innovasjonsselskapet Validé i Stavanger var arrangør. Dei har teknologioverføringsansvar i Norge på vegner av Norsk romsenter og den europeiske romorganisasjonen ESA.

– Det er utruleg viktig å satsa på norsk romfart fordi me vil ha sikrare data, smartare samfunn, betre helsetenester og betre miljø, for å nemna noko, seier administrerande direktør i Validé, Anne Cathrin Østebø.

Anne Cathrin Østebø

Administrerande direktør i Validé, Anne Cathrin Østebø.

– Uante moglegheiter

I Oslo torsdag blir det arrangert eit liknande innspelsmøte om korleis romindustrien kan styrkast og utviklast framover, og i tillegg til Stavanger har det også vore møte i Tromsø i vår.

I 2016 set regjeringa av om lag ein milliard kroner over statsbudsjettet for å støtta norsk og europeisk romsatsing – og kvart år omset norske rombedrifter varer og tenester for nær 8 milliardar kroner.

Men potensialet er større, ifølge Østebø.

– Med utviklingstakten me har i samfunnet, er det uante moglegheiter i norsk romindustri.

– Korleis bø me førebu oss på det?

– Det eine er regjeringa sin nye romstrategi. Den er vidløftig og sikrar at me har finansiering og prioriterer dei rette tiltaka som gjer at me få det beste og smartaste samfunnet.

Her blir ein av den europeiske romorganisasjonen ESA sine satellittar skoten opp (juni, 2015). Satellittane driv med jordobservasjonar som er nyttige for å kartlegga forhold knytt til for eksempel miljø.

– Felles arbeidsplassar

Dekan Øystein Lund Bø ved UiS peikar på at det kan vera interessant å overvaka vêr, miljø, transport og energibruk. Noko som til sjuande og sist kan koma til nytte for folk flest.

Østebø i innovasjonsselskapet Validé peikar også på fleire likskapstrekk mellom romfart- og olje- og gassnæringa og seier det ligg store sjansar for omstilling for oljeledige rogalendingar.

– Her er det to bransjar som skal utviklast på kvar sin måte. Å skapa felles arbeidsplassar og felles prosjekt er absolutt ein moglegheit.

– Og kva med Stavanger som romfartsby – er det eit realistisk mål?

– Eg vil seia Stavanger som ein energiby, teknologiby, smart-samfunnsby og romfartsby. Det er utruleg mykje spanande som skjer i regionen, meiner Østebø.

Regjeringa har fått innspel

Ifølge næringsminister Monica Mæland (H) er norsk romindustri og forskingsmiljø sentrale partnarar for regjeringa si satsing. Ho seier dei har fått ei rekkje nyttige innspel på ulike problemstillingar som det bør setjast søkelys på og drøftast i strategien.

– Norge har ei omfattande satsing på romverksemd. Romstrategien skal sjå på innretning og tiltak for å sikra størst mogleg brukarnytte og effektar av denne innsatsen. I romstrategien ønsker me å fastsetja overordna prioriteringar for regjeringa si framtidige satsing på romverksemd, seier Mæland.