Hopp til innhold

– Det er ein risiko å signere lengre kontaktar

FLORØ (NRK): Florø satsar på unge spelarar som kan utvikla seg og bli seld vidare. Toårskontraktar vert signert for å auka verdien, men det medfører risiko.

Terje Rognsø på supportermøte

SUPPORTERMØTE: FLorø-trenar Terje Rognsø informerte fleire frammøtte supporterar under eit treff i Florø onsdag, om korleis ting ligg an seks veker før sesongstarten.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Vi har ikkje vore avhengig av vidaresal og inntekt på det fram til no, men i framtida vert det viktig for oss. På same måte som Sogndal har drive gjennom mange år, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Etter opprykket til førstedivisjon i fjor haust har tre nye spelarar signert for klubben frå kystbyen. Monir Benmoussa (22), Truls Hovland (21) og Oliver Rotihaug (19) er dei tre spelarane som er bekrefta klar.

Felles for alle er at dei er unge, kan utvikla seg og bli ei god inntektskjelde i form av vidaresal. Men satsinga har ei bakside.

Økonomisk risiko

Tidlegare har ikkje klubben trengt å signere kontraktar med spelarane, men etter opprykket krevst det at spelarane har proffkontraktar. Om dei skal lukkast med å få best mogeleg pris for vidaresal må dei signera lengre kontraktar.

Monir Benmoussa

SIGNERT: Monir Benmoussa signerte for Florø tysdag kveld. Her frå prøvespelet i januar.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Det er ein økonomisk risko å signere lengre kontraktar med spelarar. Det kan skje at dei ikkje slår til og då har vi ein kostnad over lengre tid, men for at spelarane skal ha ein verdi i marknaden må dei ha lengre kontraktar, seier Rognsø.

Tysdag kveld vart Monir Benmoussa klar for klubben. Han har signert ein eittårskontrakt, med opsjon på ein sesong til.

– Då er det enkelt å avbryta samarbeidet om det ikkje fungerer for begge partar, seier Rognsø.

Fekk ein av tre

Florø har satsa på ein lokal profil med spelarar frå Sogn og Fjordane, og stammen i laget som rykka opp til førstedivisjon har gått gradene i klubben.

– Vi prøve å hente tre lokale spelarar, men fekk berre tilslag på ein. Det er Truls Hovland, seier Rognsø.

Dei to andre var Ruben Holsæter og Øystein Myrkaskog, som valde å trappe ned og spele i tredjedivisjon for moderklubben Førde.

Tre spelarar er så langt signert og denne veka er to til i Florø for å vise seg fram.

– Spissen Daran Dreshaj er med oss ut veka. Han har bøtta inn mål i andredivisjon på Sørlandet, så får vi sjå kva det blir til, seier Rognsø.

– I tillegg er backen Christopher Lindquist frå Strømsgodset her. Vi skal prøve å få til eit utlånte, avsluttar Rognsø, som meiner at det kanskje vil komme ein til to nye signeringar fram mot seriestart.

Øystein Myrkaskog blir i Førde.