Hopp til innhold

– Du bør ikkje ete brosme som er fiska i Sognefjorden

Kvikksølvnivået i brosme fiska i Sognefjorden er så høgt at to fiskemåltid i månaden er nok til at ein får i seg for mykje kvikksølv.

Korallrev

BROSME: Brosme er ein god matfisk, mest vanleg å få frå 200 til 500 meters djupne i fjorden. I Norge føregår fangsten hovudsakleg som line- og garnfiske.

Foto: Mareano

– Det er ingen akutt fare om ein et brosme, men eg hadde nok sleppt den ut att om eg fekk den på kroken.

Det seier fungerande avdelingssjef i Mattilsynet Avdeling Sunnfjord og Sogn.

Dobbelt så høg

Før helga åtvara Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) mot å ete brosme frå Sognefjorden. Ved sju av åtte undersøkte lokalitetar i Sognefjorden hadde djupvassfisken kvikksølvnivå over gjeldande grenseverdi.

Kvikksølvverdiane i fileten er nesten like høge som i Hardangerfjorden.'

Bør ikkje ete brosme

ÅTVARING: Brosme fiska i den raude delen av Sognefjorden bør ikkje etast.

Foto: Matportalen

– Grenseverdien er på 0,5 mm per kilo. Den høgaste snittverdien på stasjonane var 1,2. Det er over dobbelt så stort. Av enkeltfisk var det endå høgare på det høgast, seier forskar Sylvia Frantzen hos NIFES.

Ingen panikk

Hos Mattilsynet har ikkje Lien oppfatning av at åtvaringane har skapt panikk hos hobbyfiskarane. Det føregår ikkje næringsfiske etter brosme i Sognefjorden.

Lien seier det heller ikkje er noko akuttfare om ein får i seg slik brosme. Det er intakt over tid som betyr noko.

– Vi har gjeve eitt råd og ikkje eit forbod, så er det opp til folket om dei vil følgje det eller ikkje, seier ho.