Hopp til innhold

Denne gjengen kan du sjå 17. mai

På sjølvaste nasjonaldagen er det Skjolden som skal bli vist fram for heile landet. Der byr bygda på tusenvis av norske flagg og lamaer.

17.mai

LAMASAFARI: Få med deg lamasafari frå Skjolden når Stine Kyrkjebø Johansen og Solveig Svarstad tar turen inst i Sognefjorden på nasjonaldagen.

Foto: STINE KYRKJEBØ JOHANSEN / NRK

I tradisjon tru skal NRK bringe 17. mai-stemning rett inn i stova di. I ei fleire timar lang maratonsending på både fjernsyn og radio er vi på plass over heile landet.

Her i fylket skal Stine Kyrkjebø Johansen og Solveig Svarstad rapportere frå Skjolden inst i Sognefjorden.

– Det er som eit postkort. Høge fjell med kvite toppar og grøn fjord vil gi ei utruleg flott ramme for den kjekkaste dagen i året, seier Svarstad.

På sjølvaste nasjonaldagen legg eit cruiseskip med tusenvis av turistar til kai i bygda. Vi skal vere med når lokalbefolkninga helsar cruiseturistane velkomen med over 2000 norske flagg, bunadskledde born og korpsmusikk.

– Skjolden står med opne armar for å gje turistane ein fin dag. Gjestfridomen er noko av det vi vil spegle denne dagen, seier ho.

Skjolden

DER FJORD MØTAR FJELL: Solveig Svarstad og Stine Kyrkjebø Johansen skal bringe deg 17.mai-stemning frå Skjolden.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

Innbyggjartalet vil femdoble seg når cruiseskipet legg til kai, noko som

– Nokre av dei er litt bekymra for om det vil vere nok kaker på årets kakebord til å mette alle saman, ler Kyrkjebø.

Det er ikkje berre bunad og norske flagg det skal handle om. Vi blir med turistane på lamasafari hjå ein lokal bonde.

Kyrkjebø og Svarstad skal vere inne fleire gonger både på radio frå kl. 6 til 10, og på fjernsyn frå kl. 7.50 til kl. 13.45.

Send oss dine blinkskot

Det blir både opphaldsvêr og gløtt av sol på nasjonaldagen, så alt ligg til rette for flotte blinkskot. Vi vil sjå korleis du feirar dagen der du er.

Del gjerne dine bilete med oss. Merk dei med #nrksf på Instagram, så hamnar dei på kartet og i galleriet vårt.

Det er fleire måtar du kan dele dine bilete med oss:

Send bilde som MMS med kodeord SF til 1987
Send oss bilete via Facebook-sida vår
Bruk e-post sf@nrk.no

Laster innhold, vennligst vent..