Hopp til innhold

Så glad vart Marit (25) då ho nådde milepælen få norske kvinner har klart

Marit Årdalsbakke (25) burde ikkje hatt grunnlaget, men støytte denne veka 100 kilo for første gang.

Marit Årdalsbakke er den andre kvinnelege vektløftaren frå Sogn og Fjordane, og den 11. i Norge, som støyter 100 kilo.

JUBEL: Marit Årdalsbakke kan juble når ho slettar sin over eitt år gamle «kjipe» rekord på 99 kilo i støyt – og med det blir den andre kvinnelege vektløftaren frå fylket over 100 kilo.

Marit Årdalsbakke tok tre månader avbrekk frå regelmessig trening etter EM i fjor, men er trass fulltidsjobb sterkare no enn for eitt år sidan.

Måndag klarte 25-åringen igjen kravet til Nordisk meisterskap og vart den andre kvinna frå fylket med 100 kilo i støyt. I rykk vart det 84 kilo.

Marit Årdalsbakke og trenar Gunnar Reiakvam

EM: Her gjer Marit Årdalsbakke seg klar til å løfte under EM i Førde i fjor. – 100 kilo i støyt er langt frå noko medalje internasjonalt, men eg er nøgd med å klare det samstundes som eg har jobba for fullt dette året, seier ho.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Min største milepæl til no. Som dame blir det ikkje like lett å nå neste runde tal, så det er det rundaste talet eg kan få, humrar jølstringen som konkurrerer for Tambarskjelvar.

Har vore nær lenge

Årdalsbakke skulle berre ha ei gjennomkøyring under stemnet i Oslo, men enda opp med å endeleg setje strek over «kjipe» 99 kilo som personleg rekord.

Då 93 kilo gjekk greitt, tok ho eitt av dei største hoppa ho har gjort i konkurranse.

– Eg har lenge følt meg god for 100 kilo, men det har teke litt tid å knekke koden. Spesielt overstøyt har vore mi svakheit, seier 25-åringen.

– Med slike vekter byrjar eg å stresse i overstøytet. Eg vil så gjerne få det opp. Då blir det feil teknisk, seier ho.

Meir populært blant kvinner

Vebjørn Varlid i treningshallen i Naustdal

KLARTE KRAVET: Vebjørn Varlid rykka 140 kilo og støytte 180 kilo under stemnet i Oslo. Med det er også han klar for nordisk i november.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trenar Yngve Apneseth seier at det først er siste åra at vektløfting er blitt populært også blant kvinner.

Difor har berre ti norske kvinnelege vektløftarar klart den magiske 100 kilosgrensa i støyt.

– Det er nok mest der det ligg, men ein må legge ned eit visst arbeid for å klare det, seier han og legg til at dei etter pausen i fjor har jobba mykje med å finne eit fungerande treningsopplegg for Årdalsbakke.

God for 110 kilo

Marit Årdalsbakke frå Jølster tok gull i NM i vektløfting.

KLAR: Marit Årdalsbakke tok i vinter NM-gull. – Vektløfting er veldig målbart og då er det lett å motivere seg, seier den tidlegare friidrettsutøvaren.

Foto: Ola Bergheim

Jølstringen var sjølv friidrettsutøvar og del av kystmiljøet i Gloppen då ho for få år sidan tok til med vektløfting for å bli sterkare . No har ho fleire NM-gull i vektløfting og har fleire topp-fem plasseringar internasjonalt. Hennar personlege rekord i rykk er 85 kilo.

– Eg er sterk nok til å perse meg både i rykk og støyt, men alt må klaffe. I støyt har eg inne 105 kilo. 100-støyten ser lett ut, meiner Årdalsbakke.

– Personleg meiner eg ho er god for 110 kilo. Det står på overstøytet, legg Apneseth til.

Vil til VM

Ine Andersson

DEN FØRSTE: Ine Andersson var den første kvinnelege vektløftaren i fylket som støytte 100 kilo.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Det er med andre ord ei god kjensle at Årdalsbakke neste helg reiser til Tyskland og International Women Weightlifting Grand Prix. Mengdetreninga i det siste har gjort henne sterkare.

– Utanom jobb er dette livet mitt. I august er eg ferdig i turnus, og då kan eg satse meir, seier ho.

– Kor langt kan du nå?

– Målet er fleire EM og etter kvart VM. Får eg moglegheit til å satse fullt, så kanskje å kvalifisere meg til eit OL? Men det skal mykje til, avsluttar ho.