Hopp til innhold

Difor køyrer Knut Helge med gassmaske

AURLAND (NRK): Knut Helge Kjærvik og kollegaene i kraftselskapet E-CO har gassmasker i alle arbeidsbilane. Dette fordi dei bratte og usikra tunnelane mellom Aurland og Hol er reine brannfeller.

Knut Helge Kjærvik med gassmaske i bilen

FOKUS PÅ TRYGGLEIK: Knut Helge Kjærvik er i ferd med å køyre inn i ein av tunnelane mellom Aurland og Hol som både manglar ventilasjon, naudkommunikasjon og skikkeleg lys.

Foto: Bård Siem / NRK

Kraftverkssjef Knut Helge Kjærvik opnar pakken og dreg gassmaska godt over hovudet. Røysta hans blir litt svakare, men vi høyrer framleis kva han seier. Han startar bilen og vi køyrer inn i den smale og stort sett mørklagde tunnelen.

Det er heller ikkje ventilasjon eller naudkommunikasjon her inne. Fjellovergangen på fylkesveg 50 mellom Aurland i Sogn og Hol i Buskerud har vorte stadig meir populær. På sommartid er det ofte også turistbussar å sjå.

– Eg tør ikkje tenkje på kva som vil skje dersom det skulle byrje å brenne i ein turistbuss her inne, seier Kjærvik.

Nyleg uttalte brannsjefen i Aurland at han køyrer store omvegar for å unngå tunnelane når han har barn i bilen.

Knut Helge Kjærvik i Eco Vannkraft

Gassmaskene kan bidra til å redde liv dersom det oppstår brann i dei usikra tunnelane, seier kraftverkssjef Knut Helge Kjærvik i E-CO Vannkraft.

Foto: Bård Siem

Vanskeleg å puste

E-CO Vannkraft i Vassbygdi har fleire kraftverk i området og mange av dei vel 40 tilsette køyrer dagleg gjennom tunnelane.

– Vi har vurdert det slik at det å køyre desse tunnelane utgjer den største risikoen for våre tilsette.

Men kan det verkeleg vere nødvendig med gassmasker i bilane?

– Dersom det byrjar å brenne i tunnelen er det viktig å gjere dei rette tinga med ein gong. Med tjukk røyk kan det også vere vanskeleg å kome seg ut til fots. Med desse maskene skal ein kunne puste greitt i opp mot ein halv time, fortel han.

Kjærvik er kritisk til Sogn og Fjordane fylkeskommune som ikkje har utbetra tunnelane.

– Tunnelane burde vore gjort tryggare for lenge sidan, seier han.

Mange tunnelbrannar

Kjærvik viser til fleire tunnelbrannar i dei siste åra, der mange har hatt store vanskar med å kome seg ut.

– Vi håper sjølvsagt at vi ikkje får bruk for gassmaskene. Men i gitte tilfelle kan dei bidra til å redde liv, seier han.

Tek ikkje sjølvkritikk

Noralv Distad (H) leiar i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane, skulle gjerne sett at tunnelane mellom Aurland og Hol var utbetra tidlegare.

Noralv Distad

Leiar i samferdsleutvalet i fylket, Noralv Distad (H), seierat dei økonomiske rammevilkåra har ikkje gjort det mogleg, seier han.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vi har gjort jobben vår ut frå dei rammevilkår vi har fått.

Noralv Distad

– Det er heilt klart behov for å sikre tunnelane mellom Aurland og Hol og det er lagt inn oppstart i 2020, seier han.

Brannsjefen i din eigen kommune tør ikkje køyre tunnelane når han har barn i bilen. Tyder ikkje det på at tunnelane er farlege?

– Tryggleik i tunnelar er veldig viktig og eg er glad for at brannsjefen frontar denne problemstillinga sterkt.

Men har fylkeskommunen gjort jobben sin når desse tunnelane framleis ikkje er utbetra?

– Ja, vi har gjort jobben vår ut frå dei rammevilkår vi har fått, seier Distad. Han viser mellom anna til at fylkeskommunen er i full gang med å utbetre Høyangertunnelen.