Hopp til innhold

Fart og musklar i Førdehuset søndag

For andre gong blir ein eliteseriekamp i herrehandball spelt i Sogn og Fjordane. Søndag barkar Fyllingen Bergen og Lillestrøm saman i Førdehuset.

Julian Lindskog-Andersson

TOPPSCORAREN I ELITESERIEN: Julius Lindskog-Andersson set inn eitt av sine 118 eliteseriemål.

Foto: Tove Lise Mossestad

Sist haust la Tertnes ein av eliteseriekampane i kvinnehandball til Førde. Denne gongen er det herrehandball det handlar om. Fyllingen Bergen, som ligg på femteplass i eliteserien, skal sikre heimepoeng på framand grunn.

Trenar Vidar Gjesdal fortel at dei har spelt seriekamp i Sogn og Fjordane ein gong før.

– Det var mot Elverum i Stryn, men det var før mi tid som trenar. Dette er ikkje noko vi kan gjere ofte. Vi har trass alt eit trufast heimepublikum som ikkje får sjå oss mot Lillestrøm, om dei ikkje tek turen frå Bergen til Førde.

– Sterkt ynskje

Han seier dei gjer dette fordi Førde IL og særleg Odd Erik Gullaksen har eit sterkt ynskje om å få vise topphandball i Førde, og at dei sjølve ser nytte i å spreie inspirasjon for handballen.

Motstandaren, Lillestrøm, ligg på tiandeplass og kjempar for å unngå nedrykk, så Gjesdal reknar med ein hardtkjempande motstandar.

– Men normalt skal vi ta to poeng. Uansett gler vi oss til å få vist oss fram.

Vidar Gjesdal

VIL VISE SEG FRAM: Trenar Vidar Gjesdal (kvit t-skjorte) håpar Fyllingen Bergen kan gi folk god underhaldning i Førdehuset.

Foto: Tove Lise Mossestad

Toppscorar og publikumsyndling

Fyllingen Bergen har mellom anna toppscoraren i eliteserien på laget. Den unge svensken Julius Lindskog-Andersson har sett inn 118 mål denne sesongen.

– I tillegg har vi ein spelar som er ein liten attraksjon, Mario Matic. Han kan gjere heilt uventa og spektakulær ting og er ein publikumsyndling.

Kampen skal gå etter Førde sin 2. divisjonskamp for damer mot Skrim, ein kamp der Førde håpar å kunne sikre seg dei to poenga som skal til for å kunne rykke opp i 1. divisjon.

Odd Erik Gullaksen

– STOR HANDBALLOPPLEVING: Odd Erik Gullaksen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Stor handballoppleving

Sportsleg leiar i Førde Handball, Odd Erik Gullaksen, seier dei som møter opp i Førdehuset vil få ein gedigen handballfest.

– Eg håpar det får mykje å seie for handballinteressa, både for jenter og gutar og publikum elles. Fyllingen Bergen er det einaste laget som har vunne over seriemeisteren Elverum på deira heimebane i denne sesongen.

Han seier at det å sjå ein herrekamp på toppnivå blir ei litt anna oppleving enn 2. divisjon for kvinner.

– Det kjem nok til å smelle godt i damekampen, men når du går opp nokre kilo og fyller på med mykje testosteron blir det eit fartsfylt oppgjer og ei stor handballoppleving.