Hopp til innhold

Fjordmat på verdas største matmesse

BERLIN (NRK): På Grüne Woche i Berlin er hundrevis av lokalmatprodusentar på plass for å syne fram sine beste varer. For dei over 70 representantane frå Norge er det i år fjordane våre som står i fokus.

På matmessa i Berlin

BALHOLM: Ciderhuset Balholm er blant dei lokale matprodusentane på matmessa Grüne Woche i Berlin. Heile familien bak den lokale ciderprodusenten har teke turen.

Foto: Jannicke Farstad

– Her på matmessa er det så mange folk som har våga å satse på sin vesle nisje. Vi knyter kontaktar innan både mat og reiseliv, og det er veldig viktig, fortel Siri Dalehaug.

Ho har kjøpt Skjolden Hotell saman med mannen sin, og dei satsar tungt på lokalmat. I Berlin i helga har dei teke turen for å syne fram dei beste råvarene frå indre Sogn.

– Vi ville ikkje berre kjøpe eit hotell, vi ville skape innhald. Det er store ord, men vi får det til gjennom å trekkje til oss dei bøndene som er lokale i Skjolden og Luster. Vi har klart å skape ein god dynamikk oss i mellom, seier Dalehaug.

Grune Woche i Berlin

MANGE DELTAKARAR: Fleire hundre lokale matprodusentar stiller ut produkta sine på matmessa Grüne Woche i Berlin.

Foto: Jannicke Farstad

Tyske og norske statsrådar

Det er tretti år sidan første gong norske deltakarar var med på den tyske matmessa i Berlin, og i høve jubileet har messa i år hatt storfint besøk.

– Det har vore fleire norske delegasjonar, og norske statsrådar her i dag, og faktisk har vi også hatt besøk av den tyske matministeren, fortel Dalehaug.

Blant dei norske delegasjonane var mellom anna mat- og landbruksminister Jon Georg Dale (Frp), og Dalehaug tykte det var nyttig å få prate med ministeren.

– Han har lova å ta turen til Skjolden, og då har han jo ikkje noko val. Det verkar som han er oppteken av lokalmat, og lokale produsentar.

Siri Dalehaug saman med landbruksminister Jon Gerg Dale.

PÅ MATMESSA: Landbruksminister Jon Georg Dale har teke turen til matmessa i Berlin i helga. her saman med Siri Dalehaug.

Foto: Ragna Kronstad / Fjord Norge

På tur med heile familien

Siderprodusenten Balholm frå Balestrand var invitert til å bli med på messa av landbruksministeren personleg, og heile familien bak den suksessrike drikkeprodusenten har teke turen til Berlin i helga.

– Vi tek dette som ein tur som skal vere inspirasjon for heile gjengen, og så skal vi forsøke å hyggje oss i Berlin i nokre dagar og, seier Eli-Grete Høyvik.

Men det blir ikkje berre hygge og kos for balestrendingane i helga.

– Det er så mykje å sjå, og det er så mykje å gjere. Det er så inspirerande å møte folk som held på med det same, eg trur nye produkt og nye idear blir skapt av den kontakten som oppstår her nede, seier Høyvik.

Ho fortel at det viktigaste med ei messe som Grüne Woche ikkje er så selje produkta sine, men å treffe andre produsentar og knytte kontaktar.

– Det er kanskje litt snålt at vi må reise til utlandet for å treffe andre norske matprodusentar, men slik er det berre. Vi er med på å heve kvarandre, og vi jobbar saman for å bli betre.