Hopp til innhold

Florø-prøvespelar: – Slikt miljø har vi ikkje i Oslo

Omar Fonstad (26) og Monir Benmoussa (22) er på prøvespel med Florø fotball. Begge har latt seg imponera over mottakinga dei har fått frå spelarane i klubben.

Monir Benmoussa

GODT NØGD: Monir Benmoussa er imponert over mottakinga han har fått frå spelargruppa, under prøvespelet i Florø.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Vi har blitt veldig godt tatt imot av alle i klubben og etter treninga på tysdag vart vi invitert med til å spele FIFA. Slikt miljø har vi ikkje i Oslo. Der er det tøff konkurranse og det er ikkje like populært å vere prøvespelar i garderoben, seier Monir Benmoussa til NRK.

Saman med Omar Fonstad har han denne veka trena med Florø og begge skal spele treningskampane mot Lillestrøm og HamKam i helga.

– Inntrykket av klubben er utruleg bra og alle har tatt oss godt imot, seier Fonstad.

Benmoussa er kantspelar, medan Fonstad trivs best framfor motstandarens mål.

Treng måltjuv

Det er berre månadar att til sesongstart for Florø i førstedivisjon, og før den tid er det eit par posisjonar trenar Terje Rognsø vil forsterka.

– Vi er på jakt etter ein angrepsspelar og ein kantspelar. Omar er spiss, medan Monir kan spele på venstrekanten. Dei skal vere her denne veka, så får vi sjå kva det blir til slutt, seier han.

Omar Fonstad (Lørenskog)

VEIT KOR MÅLET STÅR: Omar Fonstad har bøtta inn mål i andre og tredjedivisjon dei siste sesongane. Denne sesongen kan han bli ei viktig brikke i Florø.

Foto: Truls Kleiven / NRK

For Fonstad er ein spelar som tidlegare har vist prov på at han veit kor målet står. I andredivisjon scora han 21 mål på 37 kampar for Moss, medan han scora heile 34 mål på 22 kampar for Oppsal i tredjedivisjon i 2014.

– Eg trivs best framfor motstandarens mål og eg er ein spiss som er rask, sterk og har nase for mål, seier Fonstad.

Florø har tidlegare vist interesse for Øystein Myrkaskog, men han er i tillegg ønska i Kongsvinger og Åsane.

– Må forstå kva for ein plass Florø er

Om det vert kontrakt på prøvespelarane har klubben ikkje bestemt seg for, men ein ting er ekstra viktig for trenaren.

Terje Rognsø

FLEIRE KAN KOME: Florø-trenar Terje Rognsø ser ikkje bort frå at det vil kome fleire prøvespelarar før sesongen er omme.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

– Vi er opptatt av å få sett alle spelarane som er aktuelle i aksjon, og spesielt dei frå større stadar. Dei må forstå kva for ein plass Florø er, seier Rognsø.

Og dei to prøvespelarane får verkeleg sjansen til å vise kva dei står for på laurdag, då ventar motstand frå øvste nivå i form av Lillestrøm.

– Det er alltid gøy å møte motstand frå eliteserien og det er ein god sjanse for oss til å visa oss fram, seier Benmoussa.

Omar Fonstad (26) og Monir Benmoussa (22) er på prøvespel i Florø fotball denne veka

INTERVJU: Sjå intervju med dei to spelarane som har vist seg fram i Florø denne veka.