Hopp til innhold

Flytande undersjøiske tunnelar toler kraftige eksplosjonar

Forskarar ved NTNU har funne ut at betong er meir solid enn det ein tidlegare har trudd. Det styrkar sjansane for flytande tunnelar og ein ferjefri E39.

Røyrbru E39

DOBBEL: Slike tunnelar i røyr, også kallar røyrtunnel, med doble løp for trafikktryggleik, er høgaktuelle for den kompliserte kryssinga av Sognefjorden.

Foto: Statens vegvesen

– Dei aller første forsøka gjennomførte vi med fem centimeter tjukke, uarmerte betongplater. Dei vart utsett for ei trykkbølge på sju bar. Vi valde dette trykket fordi det var oppgitt i Vegvesenets veiledere. Til vår overrasking skjedde svært lite, fortel postdoktor Martin Kristoffersen ved Institutt for konstruksjonsteknikk, til nettstaden Gemini.no.

Tunnelar i røyr vert kallar røyrbru.

Ei flytande røyrbru i Sognefjorden, har vore eit av forslaga til korleis ein skal klara å oppnå eit ferjefritt E39 mellom Stavanger og Trondheim. Lenge var røyrbru også vurdert til kryssing av Bjørnafjorden i Hordaland, men der vert det flytebru. Likevel er det fleire stadar langs E39 der det er aktuelt med røyrtunnel, blant anna over Halsafjorden i Møre og Romsdal, Sulafjorden og Digernessundet i Hordaland.

Martin Kristoffersen, NTNU

FORSKAR: Martin Kristoffersen ved NTNU.

Foto: Albert H. Collett, SFI CASA, NTNU

Lovande forsøk

I to år har Martin Kristoffersen vore ein av mange forskarar som har forska på korleis ein skal få til ferjefri E39. Det er eitt år att av prosjektet, der målet er å finna ut kva som skjer når det skjer eksplosjonar i ei røyrbru. Så langt viser forsøk i sjokkrøyret på NTNU at betong er meir solid enn det ein først trudde.

Konklusjonen til no er at ei røyrbru vil tola dei fleste eksplosjonsscenario med god margin, inkludert tankbilulukker som den i Oslofjordtunnelen 5. mai.

– Gjennom forsøka har vi fått bekrefta at dei berekningane som er gjort faktisk fungerer i eit ulukkesscenario. Til dømes om ein tankbil med brennbar væske tek fyr og eksploderer, så vil ikkje det føra til at konstruksjonen får store skadar, seier Kristoffersen til NRK.

Forsøka er gjort med tunnelveggar på fem centimeter medan den reelle dimensjonen vil vera om lag ein meter med armering.

Sognefjorden er 1300 meter djup og 3,7 kilometer ved kryssingspunktet. Det betyr at ein ikkje kan bygga vanleg undersjøisk tunnel og ingen har før laga flytande tunnelar. Forskaren er optimistisk for med tanke på å få på plass røyrbruer, etter to år med forsking.

– Eg meiner det er meir sannsynleg no enn då eg starta. Vi har funne ut at det er ei tryggare løysing enn det ein først trudde, seier Kristoffersen.