Hopp til innhold

Florø fekk det tøft mot Start

Florø tok sin første siger i førstedivisjon førre helg. Like bra gjekk det ikkje mot Start i dag, der resultatet vart 1-4 til Start.

Oliver Rotihaug

HISTORISK: Oliver Rotihaug og Florø møter Start, som for første gang i si 112-årige historie spelar i kvite trøyer.

Foto: Oddleif Løset / NRK

  • Saka vert oppdatert.
Laster innhold, vennligst vent..

Seks serierundar er spelt i årets førstedivisjon. Der har Florø spelt fire uavgjorte og tapt ein, før dei tok årets første siger då dei vann 2–1 borte mot Fredrikstad førre helg.

– Det var godt å få den første sigeren, så slepp vi maset om når vi skal ta den. Start er ein veldig god motstandar, men vi skal gje alt og har ikkje tenkt å gje dei ein enkel kamp, seier Florø-trenar Terje Rognsø til NRK.

Florø: Nicklas Frenderup, Runar Ullaland Hove, Kim Ødegård Vik, Vegar Gjermundstad, Christopher Lindquist, Simen Reksten Solheim, Erlend Ullaland Hove, Peter Aase, Oliver Rotihaug, Stefan Aase, Monir Benmoussa.

Laster innhold, vennligst vent..