Hopp til innhold

Han bladde opp nær 15 millionar for fylkets dyraste leilegheit

Han punga ut med 14,5 millionar for den dyraste leilegheita i Sogn og Fjordane. Men jobben vart flytta frå Måløy til Karmsund.

Øyvind Stang

NØGD: Øyvind Stang har sett prisrekord i Sogn og Fjordane.

Foto: Jørn-Arne Tomasgard

– Vi er kjempegodt nøgde med leilegheita, og angrar absolutt ikkje, seier Øyvind Stang til NRK.

Øyvind Stang og kona Tanyaphat Stang har nyleg flytta inn i den 288 kvadratmeter store leilegheita i Bryggen Panorama i Måløy. Leilegheita ligg på toppen av bygget og har ein uteterrasse på nesten 90 kvadratmeter.

Prislappen for herlegheita er 14 586 221 kroner. Prisrekord i Sogn og Fjordane. Opphavleg var prisen 12 millionar kroner.

– Vi kjøpte den til fast pris, deretter er det kome ulike oppgraderingar som har gjort at sluttsummen er blitt det den er, seier Stang.

Fiskebod vart suksessprosjekt

Den tilårskomne Domstein-buda var i mange år eigd av Vågsøy kommune, etter at Domstein flytta aktiviteten sin ut av Måløy sentrum. År med forfall gjorde det tidlegare fiskemottaket til ein skamplett i sentrum.

Bryggen Panorama

SUKSESSPROSJEKT: 26 av 27 leilegheiter er selde ved Bryggen Panorama.

Foto: UNU

I dag jublar prosjektleiar og medeigar Kent Rune Bugjerde i UNU AS over at dei våga å satse. Bygget er omgjort til eit topp moderne leilegheitsbygg. Totalt er 26 av 27 husvære selde, til ein samla prislapp på 88 millionar kroner.

– Salet har gått betre enn vi har våga å håpe på. Frykta var å sitte att med for mange leilegheiter. Det er tydeleg stor etterspurnad etter sentrale bustadar i Måløy.

Domstein buda

DOMSTEIN-BUDA: I mange år stod bygget slik til forfalls i Måløy.

Foto: UNU

Vil ha fleire prosjekt

I takt med endringar i fiskeindustrien har Måløy i dag fleire ledige industribygg i sentrum. Bugjerde ser ikkje bort frå at fleire slike kan bli bustadar:

– Vi er alltid på jakt etter nye prosjekt. Aktivitet i sentrum avlar meir aktivitet, seier Bugjerde.

For tida førebur verksemda to nye prosjekt i Nordfjord; eit leligheitsbygg på Bryggja, og eitt på Nordfjordeid som snart vert lagt ut for sal:

Jobben vart flytta, men blir buande.

Øyvind Stang er son til Arne Stang gründeren bak Nergård AS. Nyleg vart det kjent at Arne Stang sel seg ut av Nergård, der han har hatt halve aksjeposten. Konsernet omsette i 2015 for 2,4 milliardar og gjekk med 205 millionar i overskot.

Øyvind Stang kjøpte leilegheita samstundes som Nergård Pelagic etablerte ein ny sildoljefabrikk til 300 millionar kroner i Måløy. Stang var sjef for nysatsinga.

Sildoljefabrikk

STENGT: Fabrikken til 300 millionar kroner vert flytta frå Måløy.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Men eit bittert oppgjer om ein tomteklausul med nabo og konkurrent Pelagia enda med nederlag. Nergård fekk pålegg om å stenge anlegget rett etter at det hadde opna.

I august vert Nergård sin sildoljefabrikk i Måløy skipa til Karmsund i Rogaland. Øyvind Stang skal vere sjef for fabrikken der. Men trass flyttinga angrar ikkje Stang på kjøpet:

– Vi tenker å bli buande i Måløy. Så får eg heller pendle til Karmøy, seier Stang til NRK.