Hopp til innhold

Håpar leiarskifte skal gi ny giv i Helse Førde

Legeforeininga i Helse Førde håpar leiarskifte skal gi ny giv i organisasjonen.

Torgeir Folkestad, Jens Ola Evjensvoll, Hans Jacob Westbye

TILLITSVALDE: Torgeir Folkestad (Yngre Legers Foreining), Jens Ola Evjensvold (Overlegeforeininga) og Hans Jacob Westbye (Overlegeforeininga).

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Legeforeininga ser positivt på at vi får ein ny start. Vi får ein moglegheit til å til å tak i utfordringane saman med Børge Tvedt. Det ser vi fram til, seier Hans Jacob Westby i Overlegeforeininga.

Fredag vart det klart at Børge Tvedt skal fungere som administrerande direktør i Helse Førde inn til vidare, etter at Jon Bolstad tidlegare i veka varsla at han gjekk av etter 13 år som toppsjef i helseføretaket.

– Vi har ein del uløyste utfordringar i organisasjonen. Dei må vi jobbe saman om å løyse. Det reknar eg med at både vi og Børge Tvedt kjem til å vere innstilte på å gå laus på i næraste framtid, seier Westby.

Langvarig konflikt

Bolstad går no til ei toppleiarstilling i Sjukehusapoteka Vest. Avgangen hans skjer etter ein langvarig konflikt i helseføretaket. Det byrja med ei varslarsak mot viseadministrerande direktør Vidar Vie, og heldt fram med full mistillit mot heile den sitjande føretaksleiinga frå eit nesten samla tillitsmannsapparat.

– Vi har vore tydlege på at vi ynskjer endring i leiinga og det har vi fått no. Vi ser på dette som ei signal frå styret og frå leiinga om at ein ynskjer å kome inn på eit nytt spor i forhold til organisasjonen, seier Westby.

Ny direktør

Arbeidet med å finne ein varig erstattar for Bolstad har allereie starta. Saman med styreleiar i Helse Førde Agnes Landstad, styrenestleiar Atle Hamar, Helge Bryne frå Helse Vest og tilsetterepresentant Wenche Kristin Røkenes skal Westby skal sjølv sitje i gruppa som skal finne ein ny administrerande direktør. Førebels vil han ikkje seie så mykje om kva dei vil sjå etter hjå ein ny direktør.

– No er vi svært tidleg i prosessen, og det er vanskeleg å seie noko konkret om det no. Vi kjem til å gjere eit grundig arbeid og vi tenker det er viktig at vi tar med heile organisasjonen framover, og at vi saman med dei som skal hjelpe oss med å finne ny administrerande direktør, gjer ein god prosess. Det trur eg vi skal få til, seier Westby.