Hopp til innhold

Har fått helsingar frå heile verda etter brannen

I 1975 stod Selje Hotell ferdigbygd. I dag sørgjer tidlegare gjestar og medarbeidarar over minna som har brunne opp.

Harald og Gerd Kjellaug Berge

TRIST SYN: Ekteparet Berge kom til Selje i dag for å sjå kva som var att av livsverket deira.

Foto: Adaleidur Audardottir Oldeide / NRK

– Det er ein trist dag og vi har fått oss eit sjokk, seier tidlegare hotelleigar Gerd Kjellaug Berge.

I 1976 overtok ho og ektemannen Harald Berge drifta av Selje Hotell, eitt år etter at det stod ferdig på Seljesanden. Seinare vart dei eigarar av bygget. Gerd Kjellaug Berge fortalte tidlegare i dag at ho og ektemannen kvir seg til å sjå korleis hotellet ser ut no.

– Det vart eit livsverk for oss. Vi kom til Selje då vi var i trettiåra og hadde små barn. Heile oppveksten til barna, og liva våre har vore på hotellet. Det vart ein epoke for oss, og vi har mange gode minner, seier ho.

Sidan i dag tidleg har ekteparet fått mange meldingar frå tidlegare gjestar og medarbeidarar frå heile verda.

– Då vi tok over, annonserte vi i landsdekkande aviser. Det førte til at norske familiar la ferien til oss, og mange av dei kom kvar sommar i mange år. Også neste generasjon kom. Mange skriv til oss no om gode barndomsminne. Det er tydeleg at Selje Hotel har betydd mykje for mange, seier Berge.

Arkivbilete av hotellet i Selje og spa-avdelinga.

FRÅ STARTEN: Her kan du sjå korleis det såg ut i år 2000, då spa-avdelinga ved hotellet opna. Klippa er henta frå Vestlandsrevyen.

– Det var bygda si storstove

Bak bygget stod industribyggaren Wald Drageseth, som ynskte seg ein overnattingsstad for forretningsfolk og andre som skulle besøke fabrikkane i Selje. Hotellet har sidan vore ein viktig arbeidsplass i bygda.

Wald Dragseth

INDUSTRIBYGGJAR: Wald Drageseth blir av allkunne.no omtalt som ein av dei som grunnla Selje sentrum.

Foto: ALLKUNNE.NO

– Det var eit stort behov for eit hotell, sidan industrien gjekk så det susa på dette tidspunktet. Hotellet var med på å skape trivsel i bygda, fordi det husa mange arrangement og satsa mykje på helse, kultur og velvære, seier Berge.

I 2014 selde ekteparet hotellet til svenske Yavus Akcay og Emel Akcay. Då hadde det rundt 20 årsverk.

Fyrste Thalasso Spa-anlegget i Skandinavia

Spa-anlegget ved hotellet opna i 2000, og var det fyrste i sitt slag i Skandinavia. Hotellet ligg ved sjøen, og thalasso-behandlingane nyttar sjøvatn på ulike vis. Sidan hotellet var det fyrste som tilbaud slike behandlingar, kom det kundar frå heile landet, og frå utlandet.

Det er ein trist dag og vi har fått oss eit sjokk.

Gerd Kjellaug Berge

Vekebladet Hjemmet reiste i ni år til Selje Hotell med opptil 25 deltakarar kvar gong, som skulle få behandlingar og «bli nye». Ifølgje Berge fekk kvar einaste deltakar ein reportasje i vekebladet.

Dette gjer sitt til at hotellet har fått ein spesiell plass hos folk. Harald Berge håpar hotellet snart blir bygt opp igjen.

– Bygda har bruk for hotellet. No har det vore hotell i Selje i 40 år, så den epoken bør ikkje få ein slik slutt. Eg håpar det blir sett full fart med ryddearbeidet, slik at arbeidet med å bygge opp att kjem rask i gang.