– Hurra! Dette er noko vi har jobba for lenge, så då må vi faktisk få feire litt, seier Vigdis Tonning, leiar i Jølster Venstre.
Gruppeleiar i Jølster Venstre, Judith Kapstad inviterte partikollegaene heim til seg til ei markering i høve kommunesamanslåinga av Førde, Jølster, Naustdal og Gaular.
- Les også: Strid om Førde som kommunenamn
Bollar og boblar
Kapstad hadde allereie heisa flagget då gjestane kom til feiringa. På menyen stod bollar, molter og boblar til dei fire frammøtte i den harde kjernen av Jølster Venstre.
– Judith har funne fram molte og eg har kjøpt cava, seier Vigdis Tonning.
Ei gledas dag for venstrepolitikarane som har jobba lenge for å slå seg samen. Tonning er overbevist om at framtida i den nye storkommunen ser lys ut.
– Dette betyr betre tenester for innbyggarane, sterkare og betre fagmiljø og vekst i bedrifter, seier Tonning.
Saksbehandlinga i Stortinget var ikkje over før feiringa var i gang, men dei var ikkje i tvil om at saka skulle gå i boks. Alle fire kommunane har like vedtak om samanslåing og folkerøystingane i kommunane har vore positive ifølge Tonning. Dermed var det berre å sprette sjampanjen, sjølv om dei ikkje slår ut håret.
– Det er ein vanleg torsdag, så det blir ei moderat feiring. Men vi må markere vedtaket, seier Tonning.
Det er også vedteke at Flora og Vågsøy slår seg saman til Kinn kommune utan Bremanger, som får stå åleine. Sogndal, Leikanger og Balestrand blir til Sogndal kommune og Selje og Eid blir samanslått.