Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 24. desember

Har du lyst å fôre dei små grå litt medan pinnekjøttet står på komfyren? Eller treng du ein pause frå julefilmar på TV eller leik og moro i desembersnøen? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom romjula og nyttårshelga.

Romjulsquiz NRK Sogn og Fjordane 2016
Foto: Blom/Scanpix, Vedvik, Nygård/NRK, Brugrand/NRK, Haugen/Fjalerfilm, Landsverk/NRK, Kleiven

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytte til Sogn og Fjordane, kommunane i trivselsfylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar.

Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein NRK-kopp med litt julegodis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Neste sommar blir EM i Havfiske arrangert i Sogn og Fjordane. Veit du kvar?
  2. Årdalstangen har i to sesongar vore kulissar for krimdramaserien Frikjent. Nicolai Cleve Broch spelar hovudrolla, men kva heiter karakterer han spelar? Vi vil ha førenamnet.
  3. Stryningen Johannes Thingnes Bø trudde han sikra seg sitt første sommargull under NM i Vik i slutten av september, men i staden vart han diska. Kva type meisterskap var det?
  4. 1843 m.o.h. har Kloumanstårnet på Skåla i Loen i årevis vore ein spektakulær overnattingsstad for dei som går opp på fjellet. I haust stod ei ny hytte ferdig like ved. Veit du kva namn den har fått?
  5. Saman med artistar som Paperboys og Sandra Lyng fekk ei jente frå fylket spele på VG-lista-konserten i Førde i juli. Har du fått med deg namnet? Vi vil ha førenamnet hennar.
  6. Helene Langeland i Lærdal vart i haust kalla illojal av biskopen i Bjørgvin. Kva yrke har Langeland?
  7. Olav Reidar og Connie Haugen i Hornindal var dei første i Norge som importerte denne dyrearten frå Chile til Norge. Kva dyr snakkar vi om?
  8. Sogndal kom ikkje lenger enn til 3. runde i NM-cupen i fotball i år. Hugsar du kva lag det var som slo dei ut?
  9. Området vi vil ha namnet på ligg dels i Flora og dels i Bremanger. I november gav Olje- og energidepartementet grønt lys til å byggje opp eit vindkraftanlegg her. Veit du svaret?
  10. Studentavisa i Sogn og Fjordane vart i haust lagt ned. Kva heitte avisa?
  11. Dei nye fråværsreglane i den vidaregåande skulen har ført til mykje bråk i løpet av året, også her i fylket. Kva heiter ministeren som innførte reglane? Vi vil ha det siste etternamnet.
  12. Artisten Eva Weel Skram spelte i haust inn konsert på Åmot Operagard. Dette gjorde ho saman med ektemannen sin. Har du fått med deg kva han heiter? Vi vil ha etternamnet hans.

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!