Hopp til innhold

Her er påskequizen for 12. april

Har du lyst på litt hjernetrim i påska? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane 2017
Foto: Kandal, Breivik, Skjerdal, Haugen, Snærland, Blom, Gytri / NRK

Quizen vår er ei ganske lett blanding der du får testa litt av kunnskapen din om Sogn og Fjordane. Dei fleste spørsmåla er knytte til fylket vårt, kommunane og personar som har tilknyting til dei flotte fjella og fjordane våre.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar. Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein sekk med litt påskegodt i posten.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Kva heiter sundet som skil øya Lutelandet frå fastlandet i Fjaler kommune?
  2. Signe Nydal fekk for litt sidan ei gjev utmerking for sitt unike produkt av denne tradisjonsmaten. Kva mat snakkar vi om?
  3. Kva heiter han som saman med organisasjonen "Dans utan grenser" fekk Fylkeskulturprisen i 2016? Vi vil ha førenamnet.
  4. Sinte politikarar i Florø vil ha omkamp etter at dei rett før påske fekk vite at ei viktig teneste for kysten blir lagt ned neste år. Kva er det som blir lagt ned i Florø, Vardø og Tjøme neste år?
  5. Kva festival for ungdom vart arrangert like før påske?
  6. Kva lag vann damelaget til Førde handball over då dei i mars sikra opprykket til 1. divisjon?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!