– Er veldig nøgd og glad. Eg har jobba masse i barar og kafear i Manchester, men no er det eg som er sjefen, seier Charlotte May Rintler.
Ho er opphavleg frå England, men har busett seg i Stongfjorden i Askvoll kommune saman med mannen, Johan Moen. No har dei to starta opp eit heilt nytt tilbod i det gamle Losjehuset der folk kan stikke innom for eit kakestykke, eit antikvitetskjøp eller ein godteribit.
Samla interessene sine
Rintler er kunstnar og glad i både godteri og antikvitetar. Derfor ville ho samle alle interessene sine på ein stad. Dessutan var det stor etterspurnad frå folk som ville sjå kunstverka hennar.
– Heime er det berre kaos, så det var meir praktisk å samle all kunsten i eit galleri enn å invitere folk heim, seier Rintler.
Ho og mannen har også ei felles interesse for film og vil i tillegg opne ein liten kino i det gamle bygget.
– Det blir eit lågterskeltilbod med ein kinoklubb for både barn og vaksne som er interesserte i filmar, seier Johan Moen.
Eit bygg med historie
Det gamle Losjehuset har ei om lag hundre år gamal historie kan Moen fortelje. Frå gamalt var det arbeidarar frå aluminiumsfabrikken i Stongfjorden som hadde bygget og ifølge Moen var det damene deira som bygde huset for at dei ikkje skulle drikke for mykje i helgene. Sidan har det vore mykje aktivitet der.
– Her har det vore mykje aktivitet tidlegare og det var det store forsamlingshuset på 17. mai og andre festlege lag, seier Moen.
Bygget var eit naturleg val for dei, då dei ikkje bur lengre enn ti meter unna. Under opninga var det fullt hus og dei har allereie fått nokre stamkundar.
– Eg trur det er fint for dei som har køyrt heile vegen til Stongfjorden å kunne stikke innom her og ta seg ein kaffi, seier Charlotte May Rintler.