Hopp til innhold

I dag fekk vikinghøvdingen sin eigen by

Etter 22 års arbeid har vikinghøvdingen Georg Olafr Reydarson Hansen endeleg fått sin eigen vikingby å rå over.

Georg Olafr Reydarsson Hansen

HEKTISK: Det vart hektiske månader før Georg Olafr Reydarsson Hansen kunne flytte inn i høvdingehuset. – Eg har jobba med regelverk, kontakt med vikingar, handverkarar og å få innbyggjarar til byen, fortel han.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Det har vore hektiske månader for Georg Hansen, eller Georg Olafr Reydarson Hansen som han kallar seg.

I dag opna han vikingbyen «Njardarheimr» i Gudvangen, der folk skal leve, bu og kle seg som vikingane gjorde for 1.000 år sidan. I alle fall fram til oktober.

– Dette har eg venta på sidan eg kom hit i august 1995 og delte ideen min. Det er veldig spesielt, seier Hansen.

Vart imponert

Opning av vikinglandsby Gudvangen

FEKK PRØVE SEG: Ketil Molvær fekk opplæring i bogeskyting. – Eg trur vi blir litt born alle når vi kjem inn her. Det er noko med atmosfæren som gjer at eg trur folk kanskje vil prøve litt, seier han.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Rundt han tuslar dei første gjestene i den 18 hus store vikingbyen. Prislappen er 14 millionar kroner. Førebels er innbyggjartalet så vidt over 20, men gjestene let seg imponere over det dei ser.

Her kan publikum både observere og utforske.

– Det er gjort skikkeleg føre seg. Imponerande byggverk, og eg beit meg merke i at ein ikkje har brukt ein einaste spiker, men trepluggar. Utskjeringane på husa er også imponerande, seier Ketil Molvær, som sjølv kasta seg over bogeskytinga.

Vil drepe klisjear

Nathalie Totland har stor interesse for vikingkultur og prisar seg lukkeleg for at ho tilfeldigvis var i Gudvangen i dag.

– Alt ser verkeleg ut, men eg la merke til at vikingane ikkje hadde horn i hjelmen, seier ho.

Mobilbilde fra Bidra

I GANG: Dei første gjestene vitja i dag vikingbyen i Gudvangen, men framleis er det att to år med bygging, utvikling og vidareforedling. – No kan vi på bakgrunn av erfaringane frå første byggetrinn byggje vidare, utvikle og vidareforedle byen, seier høvding Georg Olafr Reydarsson Hansen.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Det er ein 100 år gamal klisje, og er den første myten vi prøver å drepe, skyt Hansen inn og forklarar at byen skal vere eit levande senter. Ikkje eit museum.

– Vi har lært vikinghistorie i 100 år, men vi har lært den feil. Det klassiske eksempelet er hjelm med vikinghorn. Stort sett fanst det ikkje vikinghjelmar, seier han.

Truverdig vikinghistorie

– Det er viktig at publikum ser og forstår at livet i dag ikkje er så ulikt livet for 1.000 år sidan. Det er berre modernisert, legg Hansen til.

Viking opning vikinglandsby

INNBYGGJAR: Grethe-Iren Hansen og Eloan Stalheim er to av fleire innbyggjarar som meir eller mindre bur fast i vikingbyen.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Difor slår reglementet for byen fast at kaffi, røyk og tekniske duppedittar er «fy-fy» blant innbyggjarane i landsbyen.

– Vi vil ikkje at turistane skal kunne setje fingeren på, og seie at «slikt gjorde ikkje vikingane». Det er veldig viktig at folk opplever at dei lærer truverdig vikinghistorie, seier Hansen.

Unikt og ekte

Vikinglandsbyen «Njardarheimr» i Gudvangen

EKTE: Alt føregår på gamlemåten i vikingbyen «Njardarheimr».

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Dagleg leiar i Gudvangen Utvikling, Frode Tufte, håpar senteret kan gjere folk meir bevisste på vikinghistoria, og at fleire skal utøve handverken til vikingane.

– Vi er ein turistdestinasjon, men er seriøse i det vi lærer frå oss, seier han og meiner «Njardarheimr» er unik og ekte.

– Vi brukte fem månader på å få til meir enn det andre har brukt 40 år på. Innbyggjarane er ikkje studentar i for stor klede i sommarjobb. Dei er vikingar, som ser ut som vikingar, luktar som vikingar og oppfører seg som vikingar. Det gir folk kvalitet.