På scena står både Morten Abel, Razika, Fargespill, Hilde Selvikvåg, Claudia Scott, Iselin Solheim, Hanne Sørvaag, Britt-Synnøve Johansen, Randi Tytingvåg, Jan Toft, Christine Sandtorv, Olav Stedje og Egil Eldøen.
Programleiarar er Sigrid Moldestad og Finn Tokvam.
Abel med splitter ny låt
Konserten byr både på kjende julelåtar, nye julesongar, artistar som syng saman for første gong og heilt andre låtar frå artistane. Morten Abel skal synge si nye nyttårslåt for aller første gong.
- Les også:
Det gjer han saman med dei fantastiske ungane i Fargespill. Konserten har som mål å skape stemning, glede, røre, vere godt selskap og engasjere.
Den har fått strålande sendetid på 1. juledag, rett etter "Året med kongefamilien" klokka 20.55.
Stor musikkfest
Godt over 100 personar skal i sving på scena, og mange fleire er i aktivitet bak scena, bak kamera, i lydbuss og regirom. Felles for alle aktørane er at dei kjem frå Vestlandet.
Det er NRK-kontora i Rogaland, Sogn og Fjordane og Hordaland som saman med Fjordane Musikkforum og Sparebanken Vest lagar denne musikkfesten i Grieghallen laurdag 10. desember.
Vestlandsmat og fest
Før konserten serverer Kokkenes mesterlaug små gratis smakebitar av vestlandsmat i samarbeid med fylkeskommunane, og etter konserten er det moglegheit for å delta på etterfest med bandet ViMenn frå Sunnfjord i Foajeen.
Det er enno billettar ledige som ein kan kjøpe på Grieghallen sine nettsider.