Hopp til innhold

MDG gir støtte til folk som kjempar mot oppdrettsanlegg

Miljøpartiet dei Grøne har sett seg lei av at oppdrettsnæringa hevdar å vere ei næring som tenar distrikta. No erklærer dei støtte til bygdefolk som kjempar mot oppdrettsanlegg.

Stein Malkenes

KRITISK: Stein Malkenes og MDG er kritiske til oppdrettsnæringa, og tykkjer dei vinn for mykje fram på bekostning av andre.

Foto: NRK

– Oppdrettsnæringa er ikkje ei distriktsnæring, det er eit stort industrielt kompleks med sterke næringsinteresser som no kjempar seg fram på bekostning av andre. Det seier MDG sin stortingskandidat i Sogn og Fjordane Stein Malkenes.

Tidlegare denne veka omtala NRK småbonden Ørjar Nydal i Sogn, og hans kamp for å stogge eit oppdrettsanlegg i stranda framfor garden sin.

Malkenes og MDG hevdar at slike konfliktar oppstår stadig oftare, og at det stort sett er oppdrettsnæringa som vinn kampane.

– Næringa er så mektig no at dei vinn fram heile tida. Vi ser at både grunneigarar og hyttefolk prøver å protestere, men veldig ofte er det heilt nyttelaust, diverre, seier Malkenes.

– Organisert miljøkriminalitet

Malkenes er særleg kritisk til at miljøproblematikken knytt til oppdrettsnæringa, og seier at desse problema gjer veksten i næringa endå meir problematisk.

– Med alle dei miljøproblema vi ser knytt til lakselus og rømming av fisk, så er det nesten så eg vil kalle det organisert miljøkriminalitet at næringa får dure fram slik som dei gjer.

Kommunikasjonsdirektør i Sjømat Norge Are Kvistad meiner Malkenes tek heilt feil.

– Havbruksnæringa er no ein veldig godt regulert næring, med trygge rammer, så den kritikken er ikkje presis i det heile.

Are Kvistad

USAMD: Are Kvistad i Sjømat Norge er heilt usamd med Miljøpartiet dei Grøne og Stein Maleknes

Foto: FHL, pressefoto

Eit politisk spørsmål

Kvistad seier og at det inntrykket som Malkenes og MDG har av at oppdrettsnæringa berre durar på, ikkje stemmer heilt.

– Det kan ta to år før ein får løyve til å drive eit havbruksanlegg. Det er mange instansar som skal seie meininga si, og det er lange prosessar. Nokre gonger får ein ja til å drive eit anlegg, og andre gonger får ein nei, seier Kvistad.

Sjømat Norge organiserer meir enn 500 bedrifter, mellom dei mange som driv med lakseoppdrett. Kvistad har ikkje inntrykk av at bedriftene han representerer har det lett med å vinne fram i konfliktar med bygdefolk.

– Vi har mange tilfelle på at næringa taper slike konfliktar, men det er ofte eit politisk spørsmål. Havbruksnæringa er ei næring som kan tilby vekst og arbeidsplassar, og då får dei ofte tommel opp frå politikarane.

Oppdrettsanlegg i Selfjorden på Senja

SKAPAR VEKST: Sjømat Norge hevdar at eit gjenomsnittleg oppdrettsanlegg skapar opp mot 40 arbeidsplassar om ein tek med ringverknader som vert skapt av anlegga.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Fiskeridepartementet avviser kritikk

Statssekretær i fiskeridepartementet Roy Angelvik frå Framstegspartiet seier at påstandane om oppdrettsnæringa sin makt er skivebom.

Roy Angelvik

AVFEIAR: Roy Angelvik er statssekretær i fiskeridepartementet, og han seier at oppdrettsnæringa ikkje blir prioritert framfor anna næring.

Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

– Havbruksnæringa er i ein fantastisk vekstfase som har gitt kysten vår eit løft, men det stemmer rett og slett ikkje at det er noko forskjellsbehandling av næringar, korkje på havet eller på land, seier Angelvik.