Hopp til innhold

Ministeren sette stor pris på raspeballane til Signe

OSLO (NRK): Matminister Jon Georg Dale åt seg mett på raspeballar då han delte ut det gjeve Spesialitet-merket til raspeballdronninga Signe Nydal.

Matminister Jon Georg Dale og Signe Nydal

TRADISJONSMAT: Sunnmøring og matminister Jon Georg Dale er godt vand med raspeballar. Han fekk ete seg stappmett på det som kanskje er dei beste raspeballane i Norge torsdag føremiddag.

Foto: Mattias Bergset

– Dette er fantastisk. Det er ei stor ære for meg å få stå her saman med matministeren å få dette merket. Eg veit ikkje om det er skikkeleg sant, seier Signe Nydal oppglødd.

Ho har nettopp servert landbruks- og matminister Jon Georg Dale både to, tre og fire smakebitar av sine etter kvart berømte raspeballar. I over 20 år har ho gjort butikk av dei salte og velsmakande ballane, som spesielt folk på Vestlandet har lagt sin elsk på.

Ministeren har sjølv eit nært forhold til den tradisjonsrike matretten.

– Raspeball har ein på torsdagar. Det har eg vakse opp med, og gjer at eg har eit nært forhold til det, seier Frp-politikaren.

Får skamros av ministeren

Raspeballedronninga Signe Nydal gir i dag arbeid til tre andre, i tillegg til seg sjølv. På den vesle fabrikken i Førde blir det produsert over 100 tonn raspeballar i året, og alle ballane blir laga for hand. Ein liten hemmelegheit gjer raspeballane hennar litt annleis enn konkurrentane sine, og det har blitt lagt merke til.

I dag fekk Nydal nemleg Matmerk sitt Spesialitet-merket. Dette er «eit informasjonsmerke for norskprodusert mat og drikke, basert på dei beste lokale råvarene, særeigne lokale oppskrifter og laga av stolte fagfolk».

- Det er frykteleg artig at ein klarer å ta vare på mattradisjonane våre, for raspeballen er tradisjonsmat i Norge. Signe har gjort ein unik jobb med å vidareutvikle dette for at fleire skal få tilgang til det. Ho får spesialitetsmerket for å ha laga ein raspeball med unik smak, seier matminister Dale.

Han seier utmerkinga heng høgt og at det er relativt få som opplever å få den.

– Signe er ein av dei, og det seier litt om kvaliteten.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og Signe Nydal

GJEV UTMERKING: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale deler ut utmerkinga Spesialitetsmerket frå Matmerk til Signe Nydal.

Foto: Mattias Bergset

– Steike godt

Signe Nydal har alltid hatt trua på sitt eige produkt. Hausten 2015 vann raspeballane hennar den uhøgtidlege kåringa av «Norges beste raspeball» i TV2-programmet Matkontrollen. No får ho kvaliteten stadfesta.

– Vi har jo lagt sjela i denne ballen. Eg lever og andre for raspeballen, så det betyr mykje for oss at vi får utmerkinga i dag, seier ho.

Matministeren har ingenting å utsetje på måltidet han har fått servert, og til og med namnet går han god for.

– Raspeballar til lunsj er ikkje kvardagskost, men det er steike godt.

– Kva meiner du er det rette namnet?

– Eg brukar raspeball og ball, dei aksepterer eg. Komle og kompe får dei halde seg med lenger sør i landet, ler han og understrekar at dette ikkje er regjeringa sin politikk på området.