Hopp til innhold

No vonar jazzgeneralen at han får booka sin store helt

Hotelleigar og sjef for Balejazz, Sigurd Kvikne, har no fått trua på at hans eigen, store musikalske helt kan kome til festivalen.

Sigurd Kvikne og søstra til manageren til James Taylor

STORFINT BESØK PÅ ÅRETS FESTIVAL: Systera til James Taylor sin manager, Irene Corman, vitja årets Balejazz. Ho fekk oppleve ein festival som ikkje kunne vore meir stemningsfull. No håpar Kviknes at ho etter kvart kan få lagt inn eit godt ord for Balejazz overfor verdsstjerna. Foto: Privat

Foto: Privat

For blant alle gjestene på årets Balejazz var også søstra til manageren til James Taylor, Irene Corman. Låtskrivar, gitarist og songar James Taylor er Sigurd Kvikne sitt aller største førebilete, og Kvikne håpar at verdsstjerna snart kan dukke opp og spele på Balejazz.

– Corman lét seg sjarmere av Balejazz, og no håpar eg at ho fortel broren sin om dette, og at han igjen kan leggje inn eit godt ord for Taylor. Håpet er at ho skryt so mykje av kor vakkert det er i Balestrand, og kor triveleg stemning det er på Balejazz, at Taylor kan få opp augo for festivalen, seier Kvikne.

Balestrand synte seg i all si prakt under festivalhelga, og stemninga kunne ikkje vore betre.

Publikum ventar på konserten med Bendik Hofseth IX

GOD STEMNING: Sjå mange bilete av folk på festival.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

– Fleire folk enn nokon gong før.

Kvikne trur ikkje han nokon gong har observert at so mange folk tok turen til Balestrand under festivallaurdagen.

- Hagekonserten i hotellhagen er alltid populær, men i år trekte han fleire folk enn noko tidlegare år, og det hadde nok ogso litt med det vakre vêret å gjere.

Hagekonsert, hotellhagen, Kviknes Hotel

POPULÆR: Hagekonserten ved sjøkanten i Balestrand var ein av mange suksessfaktorar på årets festival

Foto: Lars Jonas Pedersen / Balejazz

Når det gjeld bilettsal, so var det likevel litt lågare billettsal enn fjorårets rekordnotering. Bilettsalet var meir på nivå med dei føregåande åra.

- Det var somme arrangement der det helst skulle vore seld litt fleire billettar, seier Kvikne.

Men han legg til at det vart ein godt besøkt festival også i år, og at det var svært nøgde artistar og gjester som reiste ifrå Balestrand sundag føremiddag.

- Alt har gått på skjener, seier Kvikne, som også er godt nøgd med programmet.

Han er glad for å ha fått på plass store trekkplaster som deLillos og Eva Weel Skram, samstundes som mindre kjende men like fullt fenomenale artistar ogso spela.

- Då vert det ein heilskap i programmet som gjer festivalen so tiltalande, seier Kvikne.

– Folk kosa seg til fulle.

Festivalgangarane fekk ein smak av sumaren, som ein kar frå Sarpsborg sa det. Nokre naut livet ved bryggja, andre sat ute i båtar i sola og kosa seg med melon, mat og drykk i venskaps lag. Somme hadde med seg fluktstolar.

I ein venegjeng frå Bergen, som sat på ein benk ved sjøkanten på plenen framom hotellet, vart det sagt at dagen var so fager at dei laut klype seg i armen for å vere visse på at alt det som ovra seg ikring dei kunne vere sant.

Ein sunnfjording som naut laurdagen i veners lag, lurte på om ikkje det var den herlegaste dagen han kunne hugse å ha levt nokon gong.