Hopp til innhold

Ordførar krev handling mot helsefarleg luft i verdsarven

– Det handlar fyrst og fremst om at folk skal ha den same opplevinga i verdsarven om 30 år, seier Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad.

Cruiseskip i Flåm

FLÅM: Ordførar i Aurland, Noralv Distad, tykkjer det er viktig at trafikken på fjorden blir heldt oppe sjølv om det blir strengare utsleppskrav til skip. Få skip bygd før 2000 kvalifiserer til krava Sjøfartsdirektoratet førsler.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Ein ny rapport frå sjøfartsdirektoratet melder om at utsleppsnivåa frå trafikken på fjordane deira i periodar er på eit nivå som kan vere helseskadeleg for folk som har hjarte- og lungeproblem. Utsleppa frå turisttrafikken har vore lite kartlagt tidlegare.

Rapporten er den fyrste omfattande vurderinga av situasjonen, og no må dei rette tiltaka for å sikre at kvaliteten på verdsarvfjordane blir den aller beste også i framtida blir gjort. Det meiner Stranda-ordførar, Jan Ove Tryggestad.

Eg håpar vi får nasjonale ordningar som tek vare på naturen og miljøet på brei basis. Om nødvendig vil vi vurdere eigne tiltak, seier ordføraren.

– Det viktigaste er at sørger for at verdsarvstatusen er med oss også i framtida, og at vi forvaltar fjordane og naturen på beste måte.

No skal forslaga til tiltak mot utslepp bli vurdert i Klima- og miljødepartementet.

Vil ha nasjonale tiltak

Medan Sjøfartsdirektoratet føreslår tiltak i Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden og Geirangerfjorden, meiner ordførar i Aurland, Noralv Distad, det er viktig at tiltak blir gjennomført nasjonalt.

– Å lage spesielle krav for kvar enkelt hamn vil ikkje fungere i praksis. Cruiseskip som kjem frå utlandet til Norge må ha same reglar å ta omsyn til i alle hamnene, meiner han.

Det held Stranda-ordføraren med han i:

– Dersom vi får nasjonale eller europeiske krav vil næringa tilpasse seg, seier Jan Ove Tryggestad.

Distad etterlyser også meir konkrete målingar.

– Utsleppa er eit ansvar vi må ta. Det som ligg føre no er berekningar. Eg er oppteken no av at vi får konkrete målingar å følgje opp.

Noralv Distad

AURLAND: Ordførar Noralv Distad vil ikkje at det skal bli skapt redsle for at utsleppa er eit stort helseproblem, og påpeiker at det gjeld enkelte periodar når trafikken er stor og vêrtilhøva forsterkar det.

Foto: Ole André Rekkedal

Vil ikkje ha mindre cruisetrafikk

Verdsarvområda Nærøyfjorden og Geirangerfjorden lokkar folk frå heile kloden til dei små vestlandsbygdene, og er ei viktig inntektskjelde for lokalsamfunnet, seier Distad.

– Vi må ha mål om å halde oppe eit reiseliv der vi framleis held oppe tal cruiseanløp og aktivitet på fjorden, samstundes som det blir meir miljøvennleg.

I Geiranger meiner ordføraren dei må tole at cruisetrafikken flatar ut på grunn av strengare krav.

– Vi skal ikkje sjå vekk ifrå at strenge tiltak på kort sikt kan føre til reduksjon i trafikken. For å sørge for at verdsarvfjordane skal vere i verdsklasse som reisemål og behalde statusen, er vi nøydde til å ta vare på naturen, seier Jan Ove Tryggeestad.

Han håpar kollegaen i Sogn tenker i same baner.

– Eg håpar Aurlandsordføraren er like offensiv. Dette er verdsarven. For meg handlar det om at det skal vere like flott om 30 år som no.

Jan Ove Tryggestad

STRANDA: Jan Ove Tryggestad er ordførar for Stranda kommune, der Geiranger ligg. Han meiner dei må tole at cruisetrafikken flatar ut ein periode om det blir innført strengare krav til reinseteknologi.

Foto: Trond Vestre / NRK