Hopp til innhold

Sjå debattane om framtida og miljøet

LOEN (NRK): Vi har starta årets debattsesong i NRK Sogn og Fjordane.

Vi startar årets debattsesong tidleg i NRK Sogn og Fjordane.

SJÅ DEBATTEN OM NÆRINGSLIVET: Sjefen for Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth, NHO-regiondirektør Jan Atle Stang, stortingskandidatane frå dei to statsministerpartia Frida Melvær (H) og Torbjørn Vereide (Ap) møttest til debatt. Debattleiar er Erlend Blaalid Oldeide.

På Næringsdagane i Loen har dei mektigaste næringslivstoppane i fylket samla seg for å diskutere det grøne skiftet, og framtida for fylket.

Men kva er eigentleg det grøne skiftet?

Vi samla tre grøne parti, som har totalt ulike oppfatningar om kva det er for noko. Og dei meiner alle tre, at dei andre to sin politikk er på jordet.

Liv Signe Navarsete (Sp), Sveinung Rotevatn (V) og Stein Malkenes (MDG) møtte kvarandre til sin første felles debatt.

Vi startar årets debattsesong tidleg i NRK Sogn og Fjordane.

SJÅ DEBATTEN OM MILJØET: Liv Signe Navarsete (Sp), Sveinung Rotevatn (V) og Stein Malkenes (MDG) diskuterer det grøne skiftet.

Eit anna tema som blei diskutert er vegen vidare for Sogn og Fjordane. Fylket er lagt under Hordaland, og næringslivet satsar som aldri før.

Men kva skal vi leve av framover? Korleis skal vi sikre at det framleis er vekst, arbeidsplassar og pulserande skaparkraft i trivselsfylket?

Den meiningssterke sjefen for Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth, NHO-regiondirektør Jan Atle Stang, stortingskandidatane frå dei to statsministerpartia Frida Melvær (H) og Torbjørn Vereide (Ap) møttest til debatt. Denne debatten kan du sjå i opptakt øvst i nettsaka.

Debattleiar i sendinga var Erlend Blaalid Oldeide.

Følg oss gjerne på Facebook-sida vår.

Erlend Blaalid Oldeide og Stian Sjursen Takle framfor Alexandra hotell

LEIAR SENDINGA: Programleiarane i sendinga er Erlend Blaalid Oldeide og Stian Sjursen Takle.

Foto: NRK