Hopp til innhold

Skjolden fekk storbesøk på nasjonaldagen

SKJOLDEN (NRK): På sjølvaste nasjonaldagen la ein cruisebåt med over 2000 turistar til kai inst i Sognefjorden. Befolkninga var klare for å feire dagen med dei.

Ein Cruise-båt kjem inn til Skjolden 17. mai

CRUISE: Over 2000 cruiseturistar kom sigande inn Sognefjorden i morgontimane på sjølvaste nasjonaldagen for å feire dagen saman med befolkninga.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Vi tenkte at det var eit fantastisk høve til å by litt på oss sjølv og få med turistane på å hylle Noreg, seier Siri Dalehaug.

Då befolkninga i Skjolden fann ut at cruiseskipet skulle legge til kai på sjølvaste nasjonaldagen, blei det full dugnad for å ruste seg til besøket. over 2000 flagg vart kjøpt inn slik at turistane kunne få bli med å feire dagen på skikkeleg måte.

Sjå innslaget frå NRK1 her:

På kaia i Skjolden i Sogn

NRK1: Sjå innslaget frå kaia i Skjolden som gjekk på NRK1 under 17. mai-sendinga.

Femdobla innbyggartalet

I Skjolden inst i Sognefjorden bur det om lag 300 menneske. Cruise-båten hadde med seg 2466 turistar og mannskap som blei med for å feire dagen. Heile 2000 flagg var kjøpt inn til den store dagen, og fleire av ungane i bygda var med å delte ut til dei som kom i land.

2000 flagg

HAMSTRA: I Skjolden hadde dei hamstra inn norske flagg slik at turistane kunne få vere med å feire dagen.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Nokre turistar som kom heilt frå Canada, synest dei hadde råka ganske bra då dei fekk komme inn til Skjolden akkurat til 17. mai- feiringa som dei hadde litt kjennskap til frå før.

Canadiske turistar i skjolden

HIPP HIPP: Roxanne Carriere og Gaetan Richard frå Canada hadde litt kjennskap til den norske feiringa, og ropte «Hipp hipp hurra» medan dei veiva med flagget.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Det er velkjent at Noreg er eit bra land og vi samanliknar det med Canada både vêret og heile samfunnet, seier Gaetan Richard.

Korps, skjolden, 17. mai

KORPS: Korpset spelte opp for dei besøkande då dei kom i land.

Foto: Solveig Svarstad / NRK