Hopp til innhold

Sogndal tapte mot Tromsø

Årets tredje eliteseriekamp enda med eit 0-3 tap mot Tromsø for Sogndal. Bortelaget kom til fleire store sjansar, men tromsøværingane vart for tøffe på heimebane.

Eliteserien fotball 2017: Tromsø - Sogndal.

TØFFE TAK: Bjørn Inge Utvik i duell med Tromsø sin mour Samba.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Det første målet avgjer veldig mykje i denne kampen.Vi var best dei første tjue, men etter at Tromsø scorer får dei køyre kampen i sitt spor, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Tromsø tok meir og meir over kampen etter kvart, men i første halvdel av den første omgangen hadde Sogndal fleire store sjansar. Tomålsscorar frå førre kamp Bendik Bye sette ballen i nettveggen etter ein kjempesjanse allereie etter 6 minutt.

– Her på Alfheim må du score på slike sjansar, seier Bakke.

Det tok berre eitt minutt av den andre omgangen før Gjermund Åsen sende raudtrøyene opp i 1-0. Etter at kaptein Simen Wangberg auka til 2-0 etter 53 minutt var det Tromsø som var best, sjølv om mellom anna Bendik Bye kom til fleire sjansar.

Tre minutt på overtid auka innbyttar Hans Nordbye lkeiinga til 3-0.

Sogndal har ikkje slått Tromsø på Alfheim sidan 2005. Den gongen var det Håvard Flo som var matchvinnar.

Eliteserien fotball 2017: Tromsø - Sogndal.

TAP: Sogndal-trenar måtte sjå laget sitt tape mot Tromsø på Alfheim søndag.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Målrike kampar

Sogndal byrja årets tippeligasesong med eit 1-3 mot Sarpsborg 08, før dei i førre runde slo Stabæk 4-1 heime på Fosshaugane.

I snødrivet på Alfheim i dag vart det på ny ein kamp med mykje mål for Sogndal, Denne gongen vart det likevel ingen i riktig retning. Kaptein Henrik Furebotn er irritert.

– Vi byrjar kampen veldig bra, og har fleire sjansar der vi burde ha scora. Så fell vi litt i hop etter at Tromsø får sitt første mål, og det er surt, seier Furebotn.

Med i allefall seks klare målsjansar tykkjer kapteinen det er surt å reise heim utan mål, men han avfeiar at Sogndal har eit spissproblem.

– Nei, vi har fleire som synte mot Stabæk at dei kan score mål, og så har vi ein Fredrik Flo på benken, så det skal gå bra etter kvart.

Eliteserien fotball 2017: Tromsø - Sogndal.

FLEIRE SJANSAR: Sogndal hadde fleire sjansar i søndagens eliteseriekamp mot Tromsø. Her er Sogndal-spelar Eirik Birkelund.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Nwakali måtte starte på benken

Ole Amund Sveen braut leggbeinet på to stader i førre kamp mot Stabæk, og måtte sjå kampen frå sjukesenga. Elles var Simen Brekkhus kome inn for nigarianaren Chidiebere Nwakali, som har spelt dei to første kampane for Sogndal.

Les også: Eg fekk panikk då eg såg at foten berre hang der

Nwakali kom inn for Gilbert Koomson i det 58. minutt, og var mellom anna involvert då Bendik Bye hamna åleiene med keeper. Tromsø-keeper Kongshavn klarte likevel å halde nullen gjennom heile kampen.

Laster innhold, vennligst vent..