Hopp til innhold

Som far så son i Sogndal

Seks av spelarane i A-stallen til Sogndal er søner av tidlegare Sogndal-spelarar. Tek vi med trenaren blir talet sju.

Eivind Helgesen, Ulrik Fredriksen, Eirik Bakke, Fredrik Flo og Victor Grodås

SOM FAR: Frå venstre: Eivind Helgesen (son til Trond Helgesen), Ulrik Fredriksen (son til Roar Fredriksen), Eirik Bakke (son til Svein Bakke), Fredrik Flo (son til Håvard Flo) og Victor Grodås (son til Frode Grodås) har alle fedre som har spelt for Sogndal. Det same gjeld Edin Øy og Kristian Fardal Opseth som er på utlån.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Her er det verkeleg snakk om å gå i fotspora til faren. Om det er arv eller miljø som tel mest er vanskeleg å seie, men her er fakta:

På skule i Sogndal

Ulrik Fredriksen (17) er son til Roar Fredriksen. Mange skadar gjorde at Eirik Bakke tok Ulrik med frå start i bortekampen mot Haugesund.

Eliteserien fotball 2017, Molde - Sogndal.

SON TIL ROAR: Ulrik Fredriksen (17), her i kamp mot Eirik Hestad og Molde, er Sogndal-spelar, slik faren Roar Fredriksen var frå 1999 til 2001.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Der vart han utvist for å ha redda eit mål med handa, men sidan Mathias Dyngeland redda straffesparket, sikra det poeng.

Pappa Roar seier at det ikkje er tilfeldig at Ulrik hamna i Sogndal, og at han sjølv hadde meir enn ein finger med i spelet.

– Du kan vel seie heile handa. Eg har trent gutane i Sædalen i Bergen, og har heile tida hatt kontakt med Eirik Bakke. For fire år sidan var heile laget i Sogndal og sidan har vi vore der to gonger i året.

Jonas, Roar og Ulrik Fredriksen

PÅ SAME LAG: I fjor spelte Roar Fredriksen på lag med begge sønene i Sædalen, Jonas (t.v.) og Ulrik.

Foto: privat

– Unikt i Sogndal

Fredriksen seier at alt ligg godt til rette i Sogndal.

– Sjansane til å utvikle seg er unike. Det er gode fasilitetar, god kompetanse og tett samarbeid med skular.

Sist haust fekk Ulrik plass på Sogndal vidaregåande skule. Han kom med i A-stallen til Sogndal og fekk altså ein elddåp mot Haugesund.

– Eg hadde håpa at han skulle få ein litt rolegare debut, men det gjekk jo bra, trass i utvisinga. Han vart jo ein liten helt i den kampen, og han spelte bra, seier pappa Roar.

Debut som 15-åring

I heimekampen mot Viking kom Eivind Helgesen innpå heilt på tampen. Han blir ikkje 16 år før 30. juni og er den første født i 2001 som har spelt i eliteserien.

Eivind Helgesen

SON TIL TROND: Eivind Helgesen (15) fekk debuten sin mot Viking.

Foto: privat

Faren, Trond Helgesen, har vore trenar for yngre lag i Sogndal Fotball. Han vedgår at han har ein finger med i spelet når sonen no går i hans fotspor.

– Eg har nok lagt vekt på det, begge sønene mine har vore med på fotball frå seksårsalderen. Eg var med i trenararbeidet i Sogndal til i fjor.

Men det er ikkje alle som kjem gjennom det nålauget det er å kome i A-stallen til Sogndal.

– Genar kan nok spele inn, men det er først og fremst viljen og motivasjonen som gir resultat. Du kan flyte på talent ei stund, til du er 12–13 år. Sidan er det hardt arbeid som må til, og det trur eg Eivind har skjønt.

Trond Helgesen tykkjer det er spesielt at så mange som seks i A-stallen til Sogndal er søner av tidlegare spelarar.

– Men dette er veldig dedikerte gutar som trenar godt. Og Sogndal syner at dei gir sjansen til unge spelarar.