– Eg har vore på «loffen» i 25 år, så det å ha arbeidsstad på Leikanger vert ikkje noko problem. Eg kjem til å bli buande i Ulvik i Hardanger, men vera på Leikanger når jobben krev det, seier Sponheim til NRK.
Vidare fortalde Sponheim at han har god kjennskap til Sogn og Fjordane, og at han besøkte fylket fleire gonger medan han var landbruksminister.
– Det er bønder her eg framleis kjenner godt og besøker når eg køyrer gjennom. Kona mi er frå Ørsta, så det har blitt mange køyreturar gjennom Sogn og Fjordane, seier den nye fylkesmannen med eit smil.
- Les også:
Ein av seks søkarar
– Lars Sponheim vert den nye fylkesmannen. Det har vore ein luksus å ha to så gode kandidatar, som Lars og Anne Karin Hamre, seier statssekretær Kristin Holm Jensen (H) frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Sponheim var ein av dei seks som søkte på stillinga som fylkesmann i den nye Vestlandsregionen, saman med mellom anna noverande fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre. Sponheim har vore fylkesmann i Hordaland sidan 1. juni 2010 og før det var han mellom annan leiar i Venstre, nærings- og handelsminister og landbruksminister.
Men i Bergen er ikkje alle like nøgd med at fylkesmannen skal ha hovudsete på Leikanger.
– Først og fremst er vi glade for at det kom ei avgjerd. Det har vore mykje diskusjon, noko som har skapt uro i rekkene. Vi er glade for at vår fylkesmann er blitt fylkesmann for begge fylka, men det er klart det skapar mykje diskusjon at staden er Leikanger. Vi meiner jo at fylkesmannen er bra plassert i Bergen. Bergen er ein sentral by, som samlar mange miljø utanfor fylkesmannen, seier, Dirk Kohlman, assisterande landbruksdirektør hjå fylkesmannen i Hordaland.
Konstituert
Noverande fylkesmann, Anne Karin Hamre, vart 22. mai konstituert som til mellombels fylkesmann for Sogn og Fjordane, fram til 1. januar, 2019. Sponheim er det same i Hordaland. Fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane blir slått saman frå 1. januar 2019.
Då intensjonsavtalen for Vestlandsregionen vart signert av dei to fylkesordførarane i Sogn og Fjordane og Hordaland, Jenny Følling (Sp) og Pål Kårbø (KrF), 17. januar i år, stod det at Fylkesmannen skulle bli lagt til Leikanger.
Alt før intensjonsavtalen vart signert, sende fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim melding til Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, om at Fylkesmannen for ein Vestlandsregion burde ha sete i Bergen.