Hopp til innhold

Terror og truslar skremmer ikkje turistane

Turistar lar seg i liten grad påverke av terrorhendingar og truslar mot populære reisemål.

Flåm

TURISTMÅL: Terrorangrep i Sverige og auka trusselbilete i Norge, vil mest truleg ikkje påverke turiststraumen til populære reisemål som Flåm i Aurland.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Det erfarer førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, Katharina Wolff, som har forska på turisme før og etter terrorhendingar.

– Vi har ein del forsking på terrorhendingar, og det viser seg at det er veldig kortvarige og små effektar på turistane si risikovurdering av staden, seier ho.

Fleire terroråtak

Det har vore ein dramatisk start på 2017, med ei lang rekkje terrorhandlingar verda over. Til no i 2017 har, ifølgje organisasjonen Peacetech Lab, over 2.200 personar omkome i 358 terroråtak.

Også turistmål i den vestlege verda er blitt hardt råka, med London og Stockholm som dei ferskaste eksempel. Også i Norge er trusselbiletet auka.

Politiet gjer undersøkingar på togsetta i Flåm

TRUSSEL: I fjor tok 926.500 reisande den spektakulære togturen mellom Flåm og Myrdal. I går vart to togsett søkt gjennom etter at ein mann ringde inn trussel mot Flåmsbana.

Foto: Arne Veum

Laurdag vart ein 17 år gamal gut pågripen etter funn av ei sprengladning i Oslo. Måndag ringde ein mann inn bombetrussel mot Flåmsbana i Aurland. Tysdag reiste bombegruppa til Porsgrunn etter funn av ein mistenkeleg gjenstand.

Opplevd som tryggare

Wolff seier at turistar i enkelte tilfelle kan oppleve ein stad tryggare etter ei terrorhending.

Katharina Wolff

FORSKAR: Katharina Wolff ved Universitetet i Bergen seier turistane har kort hukommelse, og ser ut til å gløyme fort om turistmål blir utsett for terror eller truslar.

Foto: Pål Johan Karlsen / UiB

– Er terroren organisert, og utført av organisasjonar, så har den mykje større effekt på risikovurderinga enn dersom terroren opplevast å vere tilfeldig og gjort av enkeltståande som ikkje høyrer til noko organisasjon. Då kan folk til og med oppleve det motesette, seier Wolff.

Dei same observasjonane gjorde forskarane etter terrorangrepet mot Norge 22. juli 2011.

– Norge er trygt

Angrepa kravde 77 menneskeliv, men i etterkant opplevde folk Norge som eit tryggare land, seier Wolff.

– Gjerningsmannen var teken, og då får folk ein idé om at «lynet slår ikkje ned to gonger på same stad», seier Wolf. Ho meiner Norge er, og blir, opplevd som like trygt som før.

Noralv Distad

TRYGT: – Eg trur at Norge og vårt område blir vurdert som trygt. Det er også ein av grunnane til at det er mange turistar her, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad (H).

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det har vi mange data på. Når vi årleg spør turistar kvart einaste år om kor trygt dei opplever Norge, så gir opp dei alltid det same snittalet. Norge blir opplevd som eit veldig trygt reisemål, seier Wolff.

– Vil ikkje påverke

Bombetrusselen mot Flåmsbana, som med sine 926.500 reisande er ein av Norges største turistattraksjonar, sette ein støkk i ordførar Noralv Distad (H) i Aurland.

Han er samd med forskaren, og trur ikkje at hendinga påverkar turistnæringa i regionen.

– Det er ikkje berre mykje flott å oppleve, men Skandinavia, Norge og Vestlandet er også trygt å reise til, seier han.