Hopp til innhold

Tilstanden ikkje lenger kritisk for 19-åring

Mannen som blei flogen til St. Olavs Hospital etter ulukka i Førde i går morgon, får framleis behandling på intensivavdelinga.

Trafikkulukke i Erdal

KØAR: Det var lange køar i begge retningar på ulukkesstaden i Erdal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Tilstanden er alvorleg, men stabil for ein 19 år gammal mann som vart skadd i ei trafikkulukke i Erdalen i Førde i går.

– Han får framleis intensivbehandling her hos oss, og status er at mannen er alvorleg skada, seier Trine Nordgård Stensås, kommunikasjonsrådgivar ved St. Olavs Hospital i Trondheim.

To personar alvorleg skadde

Totalt fem personar var involverte i ulukka, og tilstanden er også alvorleg for ein 24 år gammal mann som er innlagt på Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Tre andre kom frå ulukka med lettare skadar.

Trafikkulukkesgruppa til Statens vegvesen har vore på staden for å gå igjennom ulukkesstaden og sjå etter spor saman med kriminalteknikarar frå politiet.

Ulukke i Erdalen

TILDEKT: Naudetatane dekka til den eine bilen etter ulukka i Erdal i går.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK