Hopp til innhold

Tok opp svinedyr ekstrakostnad i Stortinget

Mange må punge ut med titusenvis av kroner ekstra om dei skal bygge hus. No vil Sveinung Rotevatn (V) ha fortgang i raskartlegginga.

Sveinung Rotevatn frå Venstre på Stortinget

VILLE HA DEBATT: Sveinung Rotevatn (V).

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg fryktar det vil ta veldig lang tid å få ferdig karta. Imens får mange 70.000 – 100.000 i ekstrakostnadar, seier Rotevatn (V).

Medan folk i enkelte kommunar slepp unna, må andre familiar punge ut med titusenvis ekstra om dei vil bygge hus.

NVE får ikkje unna arbeidet med å kartlegge ras og skredfare i kommunane. Men skal ein få byggeløyve i utsette område, må kartlegginga vere ferdig. Utvegen for folk blir å koste geologar sjølve.

Mange må punge ut

I februar fortalde NRK om Tonje Camilla Løfsnes Sjaastad og familien som ynskjer å bygge hus ved Eidsfjorden.

Tonje Camilla Løfsnes Sjaastad

BYGGEKLAR: Tonje Camilla Løfsnes Sjaastad.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi vil rive det gamle og bygge nytt. Vi er nøydde til å koste ras- og grunnundersøkingar. Vi vil jo sjølvsagt at det skal vere trygt når vi skal bu her med borna våre, sa ho.

Tok saka opp i Stortinget

Denne veka tok Sveinung Rotevatn (V) saka opp til debatt i Stortinget:

– I Sogn og Fjordane til dømes er det plukka ut 41 område som skal kartleggast, men berre 19 har fått fyrsteprioritet. I dei andre områda betyr dette i praksis byggestopp, med mindre ein sjølv tek kostnadane, sa han.

– Tek for lang tid

Det kan ta 25 år før karta er ferdige med dagens løyvingstakt, fryktar Rotevatn. Også KrF sin stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide er kritisk:

Rigmor Andersen Eide

UROA: Rigmor Andersen Eide (KrF).

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– I valet mellom å vente eller å betale sjølve kan ein fort ende med å busetje seg andre stader. Dette er ikkje å ta heile landet i bruk, sa Eide.

Meiner Stortinget har ansvar

Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) lovar meir pengar, men kan ikkje seie kor tid alle har fått sitt. Han meiner også Stortinget har ansvar:

Terje Søviknes

PEIKA PÅ STORTINGET: Olje- og energiminister Terje Søviknes seier det per no blir brukt 70 millionar på kartlegging.

Foto: NRK

– Eg skal følgje opp og skubbe på NVE. Så ser eg fram til at Rotevatn og andre får Stortinget med på å løyve pengar. Det skal ikkje vere meg i mot, sa Søviknes.

Sveinung Rotevatn er oppgitt over at berre Venstre, KrF og Frp deltok i Stortinget.

– Eg sakna dei andre partia, og særleg Sp.

Tommel opp for husbygging

Tilbake på Nordfjordeid har Tonje Camilla Løfsnes Sjaastad i vår hatt geolog på tomta.

Familien fekk til samarbeid med naboar om felles kartlegging som pressa rekninga ned frå 100.000 til i overkant av 30.000 kroner. No gler dei seg til husbygging:

– Vi har fått klarsignal på at tomta er trygg.

Det er lurt å samarbeide med andre er hennar råd til folk i same situasjon.

– No blir det husbygging, heilt klart, seier Løfsnes Sjaastad.