Hopp til innhold

Vil lansere Astrup i USA

– Det blir no jobba med ei lansering av Jølster-kunstnaren Nikolai Astrup i USA. Det seier Anders Bjørnsen i Sparebankstiftinga. Tidlegare har dei brukt 10 millionar kroner på ei lansering av Astrup i England og Tyskland.

Anders Bjørnsen

ASTRUPUTSTILLING: No vil han presentere Astrup for eit amerikansk publikum.

Foto: Stein Aase / NRK

– Vi har no vore ein tur i USA og presentert Nikolai Astrup for amerikanske museum og kunsthistorikarar med tanke på ei mogleg Astrup-utstilling i 2020 – 2021, seier Bjørnsen.

I fjor vart Astrup presentert for eit internasjonalt publikum med utstillingar først i London og seinare i Tyskland. Begge stader var utstillinga svært populær, noko som gjorde det lettare for Bjørnsen når han no skal selje kunstnaren frå Jølster til kunstinteresserte amerikanarar.

– Dei har fått med seg denne suksessen vi hadde i fjor på Dulwich Picture Gallery i London, og i Kunshalle Emden i Tyskland.

Positiv mottaking

Så langt har tilbakemeldingane frå det amerikanske kunstpublikumet vore svært gode.

– Dei seier dette er ein svært interessant kunstnar. Dei tykkjer det er spanande med ein for dei ukjent nordisk kunstnar.

For suksessen i London har ikkje gått det amerikanske publikumet hus for bi. Dei er interesserte i sjå om det kan vere mogleg å få til ei utstilling ein gong i framtida. Men førebels er alt i ein svært tidleg fase understrekar Bjørnsen.

– Vi skal bort fleire gonger og snakke med fleire museum og ekspertar. Håpet er at vi i løpet av dette året skal finne samarbeidspartnarar for ei framtidig utstilling.

– Er du optimistisk?

– Absolutt. Eg er heilt sikker på at vi skal få det til. Det gjeld berre å finne dei rette musea på dei rette stadane, seier Bjørnsen.