Då botnen var nådd

Ikkje ein gong då «Bente» hadde prøvd å køyre seg i hel i alkoholrus klarte trebarnsmora å innrømme at alkoholen styrte livet hennar.

– Eg meinte eg hadde full kontroll. At eg skulle ha eit alkoholproblem var berre tull, seier kvinna.

28. oktober 2013: Livet er heilsvart, promillen høg og den planlagde utforkøyringa eit faktum. Bilen bykser utfor eit stup på riksveg 5 og skyt som eit prosjektil 40 meter gjennom lufta. Etter fleire rundkast, dundrar han i bakken.

– Det var i grunn eit under at eg kom frå det i live, fortel ho.

To auge lyser kvikt gjennom briller med mørke innfatningar under den brune luggen. Ho pratar roleg og samanhengande. At livet hennar låg i grus for knappe sju månadar sidan, ser ein ingen teikn til.

Men det skulle ta tid før vendepunktet kom. Før ho innsåg at ho hadde eit problem med alkohol.

Starta med eitt glas kvar kveld

Kvar tiande nordmann er ein storforbrukar av alkohol. Desse ti prosentane av befolkninga drikk halvparten av all alkohol som vert konsumert i Norge. Tal frå Folkehelseinstituttet syner at rundt rekna 70.000 nordmenn drikk alkohol tilsvarande ein kvart liter brennevin kvar dag.

– Det var ikkje naturleg for meg å bruke alkohol jamleg før eg i midten av 40-åra tok til å ta eit glas vin seint om kvelden for å få meir ro og klare å sove, seier ho.

Uro i kroppen har ho hatt så lengje ho kan hugse. Denne angsten eller redsla som kriblar og kryp i kroppen. Vemodet og tomheita som kjem sigande. Men ho finn ut kva som verkar. Dei blanke dropane, først frå flaska, så frå treliterskartongen med vin. Berre eitt glas. Slik at søvnen kan komme og ta vekk det som ligg og gneg.

– Men hjernen vil ha meir, veit du. Når du brukar heile tida, så ender du opp med avhengnad.

Ei vond melding i februar 2012 slo henne heilt ut psykisk. Takka vere hjelp frå dei næraste klarte trebarnsmora å ta seg saman. Men alkoholen var med på sidelinja. Så tok angsten skikkeleg tak. «Bente» utvikla ein depresjon. Alt var svart og mørkt. Ikkje ein gong borna fekk henne til å smile.

Vart konfrontert i 2012

To av borna hennar var på dette tidspunktet små. At mamma ikkje fungerte som ho skulle, merka dei godt. Men med besteforeldre i same huset var det ein plass å flykte. Ein plass å få omsorg og hjelp. Medan mamma ikkje var heilt seg sjølv.

Men det vart lagt merke til.

– Søstera mi sa hausten 2012 at eg var alkoholavhengig. Eg var heilt forferda over at ho kunne seie noko slikt. Eg hadde då full kontroll, seier «Bente».

Ressurssvak, tenkjer du kanskje. Alkoholavhengige er svake folk, utsette personar som har vore litt skjøre heile vegen. Slike du kan plukke ut med det blotte auga. Uflidde, illeluktande og skjelvande. Som bur i hus der målinga flassar av husveggen, og der stovegolvet flyt over av tomflasker.

Men der tek du feil. Ein kan fint vere alkoholavhengig utan at ein ser ut som eit skjelvande ospelauv.

At nordmenn drikk meir, syner statistikken. Ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet auka alkoholsalet med 2,4 prosent frå 2015 til 2016. Kvar innbyggjar over 15 år kjøpte i snitt 6,79 liter rein alkohol i 2016. Det svarar til om lag 73 flasker vin eller 150 liter øl.

Drakk nesten ein kartong med vin kvar kveld

I 2013 hadde ho ein ansvarsfull jobb i ein organisasjon, og alkoholmisbruket røynte på.

– Den våren fekk eg ikkje i hamn årsmøtesakene i tide, og måtte utsetje det, seier ho stilt.

Konsumet var oppe i nær tre liter vin kvar kveld. Nesten ein kartong. Gøymt både her og der. Ingen skulle sjå at ho drakk. Når ho trudde ingen la merke til det, smaug ho seg inn på boden og helte innpå. Eller drakk kvitvin frå kaffikrus.

– Eg tok til å drikke om morgonen også. Tenkte at eg kunne drikke ein time eller to, så vente til eg blei edru og gå på jobb. Uff, det er gale at ein kan tenkje slik.

Samtidig var sjølvkjensla på eit botnnivå. Alt var utan meining. Det var ho såg løysinga. Alt ville bli så mykje lettare berre ho ikkje var lenger.

– Det ville vere det beste både for meg sjølv og alle andre.

Tårene trillar. Det er mykje ho ikkje hugsar. Men ho hadde bestemt seg. Ho skulle døy. Ho skulle berre drikke litt først.

– Eg køyrde til ein annan kommune for å handla alkohol. Eg ville jo ikkje handle der eg budde for der kunne folk kjenne meg att. Så køyrde eg tilbake mot heimstaden. Og ein eller annan stad der før eg køyrde utfor, tok eg til å drikke.

Augevitne har fortalt at bilen suste 40 meter gjennom lufta og snurra rundt fleire gonger.

«Bente» vart dregen ut av haugen med skrapmetall og frakta til sjukehus med store skadar i hovudet og ryggen, og vakna opp til eit endå større mareritt enn før køyreturen.

Bilen vart knust etter at den hamna utanfor rekkverket og landa fleire meter nedanfor vegen.

MIRAKEL: – Det er eit under at eg overlevde den køyreturen, seier kvinna.

Foto: Ole Andre Rekkedal

Stavra seg på beina for å gå på Vinmonopolet

Skamma var mest ikkje til å bere. No var ho promillekøyrar også, noko som seinare gav ei bot på 60.000 kroner og tap av førarretten. Etter halvanna veke på sjukehus vart ho utskriven med ein boks på 100 tablettar med Paralgin forte for å halde smertene i sjakk medan ho grodde i hop att.

Dei brukte ho i staden til å komme seg såpass på beina at ho kom seg på Vinmonopolet for å få handla. Dermed følgde eit par månadar på sofaen der konsumet av alkohol, paralgin og sovemedisin var høgt.

– Søstera mi kom innom og gav beskjed om at no var det slutt. At eg måtte få hjelp.

Seinare kom ei kusine på vitjing, også ho informert om kvinna sin tilstand.

– Ho spurte om alkoholforbruket mitt og om eg hadde kontroll på økonomien min. Eg vart både fortvila og forferda over at ho visste dette. Skamma brann i kjakane. Alt eg tenkte var at eg måtte få ho ut av huset, minnest ho.

Men kusina nekta å gå før «Bente» hadde ringt fastlegen og fått time.

– Då måtte eg gjere det, då. Men det sat langt inne. Men då gjekk iallfall kusina mi.

Idet ytterdøra slo att etter kusina, fann «Bente» seg skjelvande eit glas vin. For å døyve skamma.

Skamma vi ikkje vil snakke om

At skam er eit problem, spesielt for kvinner som er alkoholavhengige, er godt kjent blant behandlarar.

– Det skulle ikkje vere meir skam rundt det å ha eit rusproblem enn det å ha ei

Kari Lossius, sjef for Bergensklinikkene

MÅ TORE: - Å vere avhengig av rus, spesielt alkohol, er noko vi er nøydde til å tore å snakke om. Vi må bli kvitt skamma som er knytt til dette, seier klinikkdirektør ved Stiftelsen Bergensklinikkene, Kari Lossius.

Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten / NRK

hjarteliding. Men det ligg ei skam over rus og sjølvskading som ikkje andre lidingar har. Vi er nøydde til å byrje å snakke om dette, slik at folk kan forstå at det er ein veg ut, seier klinisk psykolog og klinikkdirektør ved Stiftelsen Bergensklinikkene, Kari Lossius.

Ho får støtte av avdelingssjef Trond Aarre ved Nordfjord psykiatrisenter.

– Alkoholproblem er meir skambelagt hjå kvinner. Vi ser at vi får færre kvinner tilvist til behandling enn kva som kan vere rett. Vi ønskjer at terskelen for å søkje hjelp vert lågare, seier Aarre.

Legen visste allereie om problemet

Å manne seg opp for for å gå til legen var rein kanossagang for «Bente». Om angsten og redsla hadde vore ille før, tok den nye høgder no.

– Men eg manna meg opp og skreiv fleire sider med notat for å vere førebudd.

Men det var legen også. Det første ho sa då «Bente» lukka døra bak seg, var at ho hadde fått ei bekymringsmelding om borna.

– Eg forklarte om dei psykiske problema eg hadde allereie før eg tok til å drikke, og eg hadde sjekka opp kva medisinar eg kunne få for angst. Men dét sa legen var uaktuelt sidan eg drakk, seier ho.

Legen la ikkje fingrane mellom og sette krav til at alkoholbruken måtte ta slutt, elles kom ho til å kontakte barnevernet. Legen ville også ha «Bente» inn til faste avtalar for å ta blodprøvar for å sjekke kor vidt ho heldt seg på matta.

– Eg kjende meg heilt tom. Eg hugsar eg gjekk rett frå legekontoret til Vinmonopolet.

Men midt i blodtåka tenkte ho at ho hadde jo kontroll. Skulle klare dette. Ho hadde då ikkje noko problem med alkohol.

Men det var berre ikkje nok.

– Eg klarte ikkje slutte å drikke. Det gjekk ikkje.

«Bente» var i jobb, men fekk ikkje gjort stort. Blodprøveavtalane sneik ho seg unna, sjølv om samvitet var svart. Ringde og fann på den eine unnskyldninga livlegare enn den andre.

Etter litt overtaling klarte ein kjenning å få henne med til ein ruskonsulent. Ho vart til slutt overtydd om å leggje seg inn på Hjellestadklinikken i Bergen.

Kvelden før ho skulle reise, drakk ho tett. Ho grudde seg så sjukt. Kunne nesten ikkje kjenne sin eigen kropp. Sat på jobb og skulle ferdigstille ein rekneskap, men enda lenger og lenger ned i flaska. I fortviling henta ho ein kniv på kjøkkenet og kutta seg i armen.

– Foreldra mine dukka opp, dei hadde på ein eller annan måte skjønt at noko var gale. Ambulanse vart tilkalla og eg hamna på legevakta der eg vart sydd i hop.

Neste morgon var ho på plass på Hjellestadklinikken. Men fem veker der førte til lite. Ho meinte jo at ho ikkje hadde eit alkoholproblem.

Vel heime heldt drikkinga fram, det same gjorde sjølvskadinga. Alkoholen var berre ikkje nok.

Barnevernet kom på døra

I november 2014 gjekk sjølvskadinga nesten for langt. Såret var djupt, djupt.

– Eg gjekk inn på badet, for eg ville ikkje at nokon skulle sjå. Men eg gløymde å låse døra. Og så kom ungane inn.

Stemma brest. I all skam, fortviling og elende er det i episodane der borna vert råka, ho knekk i hop i forteljinga. At ho ikkje ein gong for deira skuld kunne klare å la vere å drikke. Dei redde barneauga som lyste av frykt og vantru.

Dagen etter stod to damer frå barnevernet på døra. Utan diskusjon vart dei to yngste borna tekne med og plasserte hjå ein slektning.

Heller ikkje då innrømmer «Bente» at ho har eit alkoholproblem. At alkoholen styrer kvart steg ho tek. At noko er hakkande gale når ein køyrer 10 mil for å kjøpe alkohol i store kvanta, og drikke det i skjul, døgnet rundt.

– Eg meinte eg hadde kontroll.

Men frykta for å miste borna permanent fekk henne til å skjerpe seg. Ho tok seg sjølv i nakken og avrusa seg sjølv etter dagar med fyll. Kroppen hylte i motstand, oppkastet kom i bølgjer og kroppen skolv ukontrollert.

Faren til borna vart bodsendt, og ho snikra saman ei historie dei skal fortelje barnevernet. Slik at alt kan gå over og verte som før.

Nydusja og smilande snakka ho barnevernet trill rundt og overtydde dei om at borna skulle heim.

– Eg fattar ikkje korleis eg klarte det, men eg heldt med edru i nesten to månadar, seier ho.

Klarte ikkje å la vere å drikke

Februar 2015: «Bente» er berre eitt møte med barnevernet frå å få borna att. Så går ein tur for å vitje kjærasten over styr. Ho snublar rusa ut av bussen vel heime igjen. Systera gir beskjed til barnevernet. Det vert gjort tvangsvedtak om at borna skal flyttast til systera.

– Alt rasa i hop. Det vart ny runde med tvangsskading og legevakt. Legen ville tvangsinnleggje meg, men eg snakka meg frå det, seier ho.

Men ho skjønte at no hadde ho kniven på strupen. Ho kontakta ruskonsulenten som hadde hjelpt henne tidlegare. Han fekk henne inn på Valdresklinikkene.

– Ikkje fordi eg meinte eg var avhengig av alkohol, men fordi eg trudde eg måtte tilfredsstille barnevernet. Og så tenkte eg at eg sikkert kunne lære noko eg kunne formidle til nokon som hadde bruk for det, ler ho.

Galgenhumoren har ho behalde. Det lettar å le. Både av eigen dumskap, fortviling og verkelegheitsoppfatning.

Etter gode veker på Valdresklinikkane kom brevet frå barnevernet om at dei ville ta frå henne borna. Dei svarte tankane slo ned i henne som lyn, etterfølgde av ropet frå flaska.

– Eg klarte ikkje la vere å drikke. Og då vart eg skriven ut.

Kort fortalt enda det i ein fuktig affære på Fagernes. Hadde lokalavisa i Valdres skrive om hendinga, ville det sett omtrent slik ut:

«Kvinne i slutten av 40-åra måtte overnatte i fyllearresten etter å ha skapt seg krakilsk på veg ut av ei drosje. Kvinna var sterkt rusa, hylte og skreik og oppførte seg slik at ho vert politimeld for vald mot offentleg tenestemann».

– Eg hadde fullstendig panikkangst. Då døra slo att bak meg på glattcella ... nei, eg klarar ikkje snakke om det.

Heime att vart det klart at faren til borna skulle få omsorga for dei, og han ville flytte dei til byen der han bur. Dette sette til slutt barnevernet foten ned for, og borna vart buande i huset til «Bente», men ikkje i same etasje som henne.

Og drikkinga heldt fram.

– Men eg kunne ikkje drikke heime. Eg hugsar eg sat nede ved elva med ei flaske Jägermeister. Eg drakk opp alt. Dei fann meg liggjande strak ut oppe ved vegen.

Fekk endeleg ein diagnose

Ho sukkar. Så mykje dumt. Så mykje vondt. Men denne fyllekula skulle det faktisk komme noko konstruktivt ut av.

Ho vart tvangsinnlagd på psykiatrisk i tre månadar – og fekk diagnosen bipolar liding type 2.

Rusproblem og psykiske lidingar heng ofte i hop. Det stadfestar avdelingssjef ved Nordfjord psykiatrisenter.

Trond Aarre

SAMANSETT: Avdelingssjef ved Nordfjord psykiatrisenter, Trond Aarre, stadfestar at psykiske lidingar og rusavhengigheit ofte heng i hop.

Foto: Øystien Torheim

– Til dømes ved bipolare lidingar er førekomsten av rus 50 prosent. Så kan ein sjølvsagt diskutere om det er psykiske plager som fører til rus, eller rus som fører til psykiske plager. Her er det ikkje ein fasit. Men i mange tilfelle merkar ein at rus lettar angst, og slik utviklar ein eit misbruk, seier Aarre.

For mange alkoholikarar kan det dermed lette suget dersom ein får bukt med ein annan diagnose som ligg i botn.

Men i førstninga var det langt frå noko lette for «Bente» å få ein diagnose. No var ho for alvor overtydd om at livet var slutt.

– Eg låg på golvet og hulka og skreik og tenkte at alt håp var ute.

Men då ho hadde fått kravla seg opp frå fosterstilling og roa seg, søkte ho etter informasjon på internett, sette seg inn i diagnosen og medisinering.

Då legen meinte ho skulle medisinerast med litium, argumenterte ho i mot, men måtte gi seg.

Men livet vart betre med litium som medisin. Ting gjekk bra, for første gong på årevis. Tåka letta og suget gav seg. For ei stund. Men i juni 2016 butta det nok ein gong i mot.

Ei naudsynt husrenovering kombinert med ein dom på 30 timar samfunnsstraff etter episoden i Valdres, krona med oppvask på arbeidsplassen etter årevis med rot, fekk det til å gå i stå. Nervane gaula om hjelp. Og den mørke tåka kom sigande. Ho skjønte kva veg det bar.

Sommaren 2016 vart ein endelaus høgpromilleperiode med fleire episodar med sjølvskading. Ut og inn frå akutten og korttidsopphald på post 1 på psykiatrisk.

På hausten skjer det verste. Borna kjem umeldt heim frå opphald hjå faren og finn ei rusa mor til sengs.

– Eg hadde alkohol med meg i senga som eg prøvde å gøyme. Dei tok det frå meg, men eg rava etter dei og fekk rive det ut av hendene deira. Det var heilt forferdeleg.

Livet rakna fullstendig. Ingenting hengde i hop. Alt vart som ein einaste stor suppe som enda på post 1 på psykiatrisk klinikk, ein korttidspost der ein ikkje får vere over lengre tid.

Tanken på at ho snart ville vere ute att og i gang med runddansen var med eitt ikkje ei lette. Men ein utoleleg tanke. Ho makta ikkje meir. Ville ikkje lenger ned. Orka ikkje ein ny runde.

– Eg trygla og bad om å få bli. Eg torde ikkje reise ut åleine. Utruleg nok opna det seg ein ledig plass på rusposten på Nordfjord psykiatrisenter. Då eg gjekk inn døra der sa eg til meg sjølv at no er det alt eller ingenting. Aldri meir skal eg komme opp i slike situasjonar. Nok var nok.

Med den innstillinga kom ho inn gjennom dørene på Nordfjord psykiatrisenter. Etter kort tid fekk ho den medisinen som ho trengde mot den bipolare lidinga. Og noko skjedde.

– Eg har jo alltid vakna med angst. Men då eg fekk den rette medisinen, merka eg at det hjelpte med ein gong. Eg fekk også delta på lærings- og meistringskurs om bipolare lidingar. Og då det var på plass, kunne kampen mot alkohol starte.

I tre månadar fekk ho vere der. Medan ho starta jobben med å ta att livet, som låg i grus.

Har ei jublande glede over kvar dag

Ho knepper hendene i hop. Dei er stødige etter sju månadar utan rus. Ikkje sju lette månadar, men sju rusfrie. Lysta til å engasjere seg er tilbake. Ho har vorte styremedlem i rusettervernet i Sogn og Fjordane, og har engasjert seg i Bipolarforeininga.

– Og så er eg i gang med å søkje jobb. Eg har eit heilt fantastisk liv, og eg har ei jublande glede for kvar dag eg får. Eg er takksam for alt, spesielt for den vilkårslause kjærleiken og støtta frå foreldra mine, systera mi og borna.

Tårene trillar. Ho er så vel klar over kor vondt ho har gjort folk rundt seg. Og både skamfull og glad over støtta ho har fått.

Midt i alt det vonde, har mange synt ho usvikeleg tillit, sjølv om ho har svikta. Orda frå eldstedottera, etter ein knusande rapport frå barnevernet som fortalde svart på kvitt kor gale alt hadde vore, sit som spikra.

– Ho sa: «Mamma, skjønnar dei ikkje at det er ein sjukdom? Hugs at eg alltid er glad i deg. Det er berre når du er rusa at eg ikkje vil vere i lag med deg.» Dei orda har eg med meg i hjarta kvar dag. Ungane mine har bruk for ei mor, ei oppreist mor som korkje er rusa eller død. Det hjelper meg å tenkje på det.

Dei siste åra skulle ho gjerne vore forutan. Men det som er gjort, kan ikkje gjerast ugjort. Men kanskje det kan hjelpe andre?

– Om mi historie kan få nokon andre ut av alkoholmisbruket, så er det ikkje noko som er betre enn det. For det er ein veg ut. Men du må ville det sjølv.

I ein tidlegare versjon av saka brukte NRK Sogn og Fjordane fullt namn og bilete av kvinna. Av omsyn til familien hennar har vi no valt å anonymisere kvinna.