Hopp til innhold

Hadde aldri høyrt om Trine Hattestad - no tek ho opp arva

Norges ferskaste VM-deltakar i spyd, hadde ikkje ein gong høyrt om spydlegenda Trine Hattestad, inntil for kort tid sidan.

Sigrid Borge

Sigrid Borge er klar for friidretts-VM i London. Bilete er frå fjorårets NM.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Sigrid Borge

Sigrid Borge kasta 61,72 meter i Kristiansand onsdag kveld.

Foto: Håvard Raustøl / NRK

Trine Hattestad jubler etter OL-gullet i Sydney.

Trine Hattestad var den siste som representerte Norge i spyd i friidretts-VM.

Foto: OLIVIER MORIN / EPA
– Heilt ærleg. Eg visste ikkje kven ho var, ler Sigrid Borge etter å ha klart VM-kravet under elitestemnet på Kristiansand stadion.

21-åringen frå Osterøy klinka til med 61,72 på Sørlandet. Det er over VM-kravet på 61,40. Dermed skal hordalendingen representere Norge under London-VM til sommaren.

– Eg er ekstremt nøgd. Eg hadde eigentleg ikkje venta det i dag. Men eg fekk ut alt i første kast. Eg har ikkje ord, seier Borge.

– Ein draum

I 1999 deltok Trine Hattestad i sitt siste VM i Sevilla.

Sidan har Norge vore ein spydnasjon i «dvale» på kvinnesida.

– Det er kult. Eg føler spyd er ei norsk øving. Det er ekstremt gøy å få lov til å representere Norge, seier ho.

– Korleis blir det å stille til start i London?

– Det blir som ein draum. Eg hugsar berre då eg var liten og såg på. Det var liksom...dette ser berre rått ut å vere med på. Og no skal eg få lov til å vere med. Eg gler meg, seier ho.

Sigrid Borge fra Osterøy tok VM-kravet under elitestevnet i Kristiansand.

Difor byrja ho med friidrett

Og Norge kan truleg takke ein sørlending for at det blir VM-deltaking på 21-åringen. For hennar store førebilete er Andreas Thorkildsen frå Kristiansand.

– Han har vist kor jækli kult spyd ser ut. Det er jo på grunn av han at eg byrja med spyd, seier Borge som til dagleg er lærarstudent ved Høgskulen i Bergen.

– Skulen er ekstremt flink til å legge opp til at eg kan reise på samlingar og stemne. Så det har gått veldig bra, seier ho.

Spydkastaren som seier ho har budd «heime hjå mamen og papen heile livet», kan nok oppleve meir merksemd framover.

– Så lenge det er positivt tykkjer eg det er gøy, ler ho.

Andreas Thorkildsen

Andreas Thorkildsen har vore Sigrid Borge sitt store førebilete.

Foto: NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %