Hopp til innhold

Sletta Noregs eldste friidrettsrekord

Lengdehopparen Ingar Kiplesund (22) klarte det han har drøymt om lenge. Å slette den 46 år gamle norske rekorden.

Ingar Kiplesund

Ingar Kiplesund, her frå NM tidlegare i år, har sett ny norsk rekord i lengde. Den nye rekorden er på 8,10 meter.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Godt. Letta. Euforisk. Korleis skal eg beskrive det? Det er jo surrealistisk. Men samstundes var det litt venta også, seier den ferske norgesrekordhaldaren til NRK få minutt etter at konkurransen i Sierra Nevada i Spania er avslutta.

– Det er heilt utruleg at han skulle klare det. Vi er så glade. Eg fekk ein «snap» frå han tidlegare i dag der han gav uttrykk for at han var frisk i beina, seier Hildegunn Kiplesund.

Mora til lengdehopparen frå Trondheim klarte knapt å prate då ho tok telefonen, og stadfesta at sonen hadde sletta Kristen Fløgstad frå Søgne sin 46 år gamle lengderekord, som var på 8,02.

Den vart sett på Bislett stadion 4. august 1973.

Ingar Kiplesund ny rekord

Ingar Kiplesund sette ny norsk rekord i lengde. Dermed sletta han Norges eldste friidrettsrekord. Her poserer han ved resultattavla.

Foto: Privat

Tre hopp over rekorden

Trønderen klinka til under eit stemne i Sierra Nevada laurdag, og fekk opp tre hopp over rekorden til Fløgstad.

Den nye rekorden er på 8,10 meter, og vart sett i over 2000 meters høgde.

Han hadde også to andre hopp på 8,04 meter og 8.08 meter.

– Det var tre hopp over, så det var liksom ingen tvil, seier lengdehopparen.

Ingar Kiplesund frå Trondheim sette ny norsk rekord i lengde med 8.10 meter. Dermed sletta han Norges eldste friidrettsrekord. Den var det Kristen Fløgstad frå Søgne som hadde med 8,02 meter. Den vart sett i på Bislett i 1973.

Sjå rekordhoppet til Ingar Kiplesund. Foto: Privat

– Det er lenge sidan eg har lova han å lage til ei feiring viss han klarte rekorden. Det må eg ordne no. Han skal få invitere kven han vil, ler mora.

Mor og far Kiplesund var på hytte og følgde med på konkurransen via telefonen.

Kristen Fløgstad

Kristen Fløgstad landa på 8.02 meter under eit stemne på Bislett i 1973 og sett ny norsk rekord. Den har stått heilt til 17. august 2019.

Foto: NTB / NTB scanpix

– Veldig fortjent

Den gamle rekordhaldaren seier han har venta på at den skulle ryke.

– Eg skjønte at det hadde skjedd då du ringde meg no. Eg hadde håpa den kunne stå i 50 år, ler Fløgstad

– Nei, det er veldig fortjent. Eg visste det ville komme slik han har hoppa i år. Så det var like før, seier Fløgstad, som sjølv var funksjonær under nordisk juniorlandskamp i friidrett på Kristiansand stadion laurdag.

Kiplesund har brote mange barrierer denne sesongen. I juni hoppa han over åtte meter for første gong, under eit stemne i Göteborg.

Den nye norske rekorden er likevel bak VM-kravet. Kravet til Doha-VM i september er på 8,17 meter.

Ingar Kiplesund og Kristen Fløgstad

Ny og gammal rekordhaldar. Kiplesund og Fløgstad møttest under lag-EM i Sandnes førre helg.

Foto: Privat
I 46 år har lengdehopperen Kristen Fløgstad fra Søgne hatt Norgesrekorden. Nå tror pensjonisten at rekorden kan stå for fall.

I 46 år har lengdehopperen Kristen Fløgstad fra Søgne hatt Norgesrekorden. Nå tror pensjonisten at rekorden kan stå for fall.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %