– Eg vart totalt overrumpla, hadde ikkje peiling. Det kunne ikkje vore noko hyggelegare. Eg er veldig veldig fornøgd, seier ein rørt Gerhard Heiberg etter prisutdelinga.
Han fekk prisen for sitt langvarige engasjement for den internasjonale olympiske komite og for norsk idrett.
Statsminister Erna Solberg og tidlegare langrennsløpar Bjørn Dæhlie delte ut prisen.
– Då de tok til å snakke, lurte eg fælt på kven det var de snakka om, sa han til utdelarane på scena då han fekk prisen.
– Betyr veldig mykje med ein slik takk
Han la ikkje skjul på gleda.
– Det betyr veldig mykje for meg. Eg har brukt så mykje av tida mi på idrett internasjonalt. Det har vore av personleg interesse, og av tru på at idrett kan vere med på å skape ein skilnad. Å få ein slik takk for det ein har stått for og jobba med, er utruleg bra, sa Heiberg til NRK etter at utdelingane var over.
I grunngjevinga heiter det mellom anna at Heiberg har betydd meir for norsk og internasjonal idrett enn det mange er klar over.
Heiberg sjølv dreg fram eitt høgdepunkt i sin karriere som idrettsleiar.
– Det var OL på Lillehammer i 1994, sa Heiberg. Han var leiar av organisasjonskomiteen.
Tøft år
Det siste året har vore tøft for IOC-representanten, med mykje sjukdom.
– Korleis står det til?
– Det står bra til no. Og ein av grunnana til det er at eg har trudd på idretten, og hatt ei kjensle av at dette vil eg ikkje gje opp. Eg har hatt ein familie som har støtta meg, og alt har jobba for meg og med meg, og då kan ein overvinne veldig mykje.
Gerhard Heiberg står no på trappene til å forlate idretten. Han har sagt at han vil trekkje seg frå IOC, men vedgår at det blir vanskeleg.
– Det har vore størstedelen av mitt liv. Men eg håpar at nokon tenkjer på meg, og kanskje spør om råd og hjelp, seier Heiberg. Han har gjennom sine mange år i internasjonal idrett fått mange kontaktar over heile verda.
– Så lenge eg er oppegåande håpar eg å kunne bidra med det, seier Gerhard Heiberg.