Avaldsnes til topps trass poengtap
Med 3-3 mot Røa gjekk Avaldsnes til topps i Toppserien søndag. Røa leia både 2-0 og 3-2, men Luana utlikna med sitt andre mål for dagen like før slutt.
Sandviken og Vålerenga sikra seg storsigrar i Nord-Norge. Sandviken tok sesongens første siger med 5-1 over Grand i Bodø, medan Vålerenga banka Medkila 6-1 i Harstad.