Hopp til innhold

EM-drama for Skarstein: Fekk trøbbel etter Instagram-bilete

Då Birgit Skarstein var på treningsleir, tikka det inn ein spesiell e-post frå dommarane i EM. Det skapte hovudbry dagen før konkurranse, og no må ho klare seg utan ein viktig detalj på båten.

Birgit Skarstein og stroppa som skapte problem

IKKJE GREITT: Denne stroppa over Birgit Skarstein sine kne, likte ikkje dommarane.

Foto: Carl Andreas Wold / NRK

– Det er veldig spesielt å kommentere på eit Instagram-bilete. Då er vi på eit nytt nivå, seier Skarstein til NRK.

Dommarane hadde nemleg fått auge på eit bilete Skarstein hadde delt av båten sin, og reagerte spesielt på stroppa ho hadde over knea sine.

Skjermdump av Birgit Skarstein sitt Instagram-bilete, der stroppa er tydeleg.

TYDELEG: Dette biletet publiserte Skarstein på sin Instagram-profil.

Foto: Skjermdump @birgitskarstein / PRIVAT

Den har ei hempe på seg, og er todelt i form av at den kan strammast både på venstre og høgre side.

Den ekstra stramminga likte ikkje dommarane, som umiddelbart tok grep første treningsdag i München.

Rar situasjon

I e-posten frå para-kommisjonen stod det at dei var usikre på om det var lov å ha ei ekstra hempe for stramming. Dette er ikkje regulert i regelverket. Ifølge reglementet må stroppa opnast i ei rørsle og same veg, for å sikre at utøvaren får den enkelt av om ein ramlar uti vatnet.

Dette har Skarstein sikra med ein «quick release». I og med at dei var usikre på korleis dette skulle handhevast, kunne båten risikere å bli underkjent i EM.

Den meldinga fekk ho denne månaden, då ho var på treningsleir på Juvasshytta.

Skarstein stussar over profesjonaliteten når eit Instagram-bilete fekk kommisjonen til å ta kontakt.

– Det er veldig rart at dei har godkjent den på alle tidlegare regattaer. Denne stroppa har vore lovleg i to år, seier Skarstein og legg til at det er den same stroppa ho brukte då ho tok gull i Paralympics i Tokyo.

Etter at Skarstein fekk e-posten, måtte ho finne ein nødløysing.

Onsdag kveld prisar ho seg lykkeleg for at ho gjorde det.

Birgit Skarstein og stroppa på knea

Slik ser sjølve stroppa ut.

Birgit Skarstein og stroppa på knea

Her er låsen som ho enkelt kan opne.

Birgit Skarstein og stroppa på knea

Og her er problemet. På venstre side kan Skarstein stramme stroppa enda meir.

Dramatiske timar

Etter at Skarstein var ferdig med si første økt på ro-stadionet i München onsdag føremiddag, inviterte ho dommarane til å undersøke utstyret, for å vere sikker på at det skulle bli godkjent. Ho skulle få beskjed ein time seinare.

Kontrollør og Birgit Skarstein ser på båten hennar.

USIKKERT: Her er dommaren og kikkar på stroppa til Skarstein. Han tok fleire bilete og var særdeles usikker på om båten var lovleg.

Foto: Synne Sofie Christiansen / NRK

Avgjerda drog kraftig ut i tid.

Då Skarstein drog tilbake for si andre treningsøkt for dagen, snautt fire timar seinare, hadde ho enno ikkje fått beskjed om stroppa var godkjent.

Det ho fekk vite, var at dei ynskte at ho skulle endre den, og det ville få følgjer om det ikkje blei gjort.

– Når dei seier at dei set veldig pris på om eg kan endre det, og at dei kjem til å kome med ein grunn for kvifor, så kan eg velje å seie at klokka er ti over seks, og eg har løp i morgon tidleg, forklarar ho og held fram:

– Då endrar eg den berre og fokuserer på det løpet. Og så får vi ta det i etterkant, tenkjer eg. Det var ein sub-optimal løysning.

No er ho frykteleg spent på korleis torsdagens kvalifisering vil gå.

Les også Skarstein fortvilar over regelendring: – Som å opne kvinneklassen for mannfolk

Roing Mediedag

Viktig utstyr

Heldigvis hadde Skarstein fått laga ein ny stropp, i tilfelle ho ikkje fekk den vanlege stroppen godkjent.

Ho kallar den for ein «krisestropp».

– Vi kasta oss rundt og lagde ein krisestropp, som eg henta i Oslo på måndag. Den er ikkje like bra, og er berre blitt kasta saman for å bli godkjent, seier ho.

Birgit Skarstein måtte endre stropp

Klokka 18.30 onsdag kveld måtte Skarstein og støtteapparatet gjere endringar på konkurransebåten.

Birgit Skarstein båt

Den todelte stroppa blei bytta ut med ei enkel ei.

Birgit Skarstein

Dermed fekk Skarstein ei økt på vatnet med den nye stroppa, før kvalifiseringsheatet torsdag morgon.

Stroppa ho vanlegvis brukar er den viktigaste stroppen på heile ro-settet, fortel ho vidare.

– Eg er avhengig av å stramme knea mine, for eg kan ikkje setje dei på plass sjølv. Eg treng at den dyttar beina mine på plass, slik at eg får mest mogleg kraft gjennom årene. Om eg ikkje dyttar så hardt, så mistar eg kraft, seier Skarstein.

Det kan verte avgjerande i ein marginal idrett som roing, seier ho.

– Den har ikkje den ekstra stramminga slik at eg blir dytta heilt inn. Stramminga blir ein enkel runde i staden for ein dobbel runde, seier ho og held fram:

– Sittestillinga blir meir ustabil, og det er større risiko for å hekte tommelen fast i stroppen.

Heldigvis fekk Skarstein ein økt med den nye stroppa, før konkurransedag torsdag.

– Det er veldig ugunstig å skifte utstyr så kort tid før, men eg er glad eg er så gammal og rutinert. Eg blir ikkje så lett vippa av pinnen, seier ho.

Torsdag klokka 09.00 ror Birgit Skarstein kvalifiseringsheat i EM. Det kan du sjå på NRK.

Les også Skarstein bombardert av fisk som gir elektrisk støyt: – Heilt absurd

Birgit Skarstein møter NRK i Olympic Village i Tokyo.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal