Hopp til innhold

Florø-trenarens nye kvardag – vert nedringt av agentar

Florø er i gang med å sette saman spelarstallen for den kommande sesongen i førstedivisjon og det manglar ikkje på tilbod frå agentar rundt om.

Terje Rognsø

TRAVEL: Florø-trenar Terje Rognsø skal ikkje berre gjere spelarane sine klare for spel i førstedivisjon. Talet på tilbod frå spelaragentar har auka drastisk.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

– Det har vore ei ekstrem auke frå i fjor. No veit folk at vi er ein profesjonell klubb, seier trenar Terje Rognsø til NRK.

Etter fleire sesongar i andredivisjon rykka Florø som kjend opp til førstedivisjon i fjor haust. Nytt av året er at alle spelarane i stallen må ha profesjonelle kontraktar, og det har agentane fått med seg.

– På tysdag fekk eg vel 25 e-postar og fleire telefonar frå agentar som hadde spelarar tilgjengeleg, seier han.

Kan signere frå heile verda

I tillegg til at alle spelarane i klubben må ha kontrakt, kan Florø no også signera spelarar som kjem frå utanfor EU. Det kunne dei ikkje som andredivisjonsklubb.

– Er det mange som har den «nye» Messi eller Ronaldo tilgjengeleg?

Vi merker den ekstra pågangen veldig, men eg har eit avslappa forhold til det. Det er viktig å vera høfleg i måten ein svarar på, sjølv om spelaren vi får tilbod om ikkje er aktuell. Ein annan gong er han kanskje det, seier Florø-trenaren.

Med alle tilboda som kjem inn, har det blitt ein stor jobb å sila vekk dei spelarane som ikkje er interessant for klubben.

– Vi har ein del agentar som vi snakkar tettare med enn andre, fordi vi veit dei har kjennskap til nivået og kva ferdigheiter vi treng. Agentar som missar får ingen ny sjanse hjå oss, seier Rognsø.

Den første testen for det nyopprykka laget kjem alt førstkommande laurdag. Då møter dei eliteserielaget Lillestrøm til treningskamp i LSK-hallen.

Første kamp i førstedivisjon vert mot Jerv på heimebane, søndag 2. april klokka 18.00

Laster innhold, vennligst vent..