Allereie i går var det klart at Zucca ikkje ville vere aktuell for Norge under VM, sjølv om New York Rangers skulle bli slått ut av NHL-sluttspelet. Jørgen Karterud blei henta inn i troppen i staden.
– Troppen er fin. Alle drøymer om ein spelar som Mats i laget, men vi må også respektere at han har gått gjennom ein lang periode med mange kampar. For at han skal vere god også i framtida, treng han meir kvile enn han er van med, seier landslagssjef Petter Thoresen til NRK.
Han har full forståing for Zuccarellos standpunkt, som han har fått signal om før. Og han meiner Norge har ein fin tropp, sjølv utan NHL-stjerna.
– Overraska over at Rangers rauk ut
Og i natt blei det sluttspel-exit for Rangers.
– Det var litt overraskande. Eg trudde dei skulle ta den kampen. Eg har ikkje sett den. Men no er sesongen over for Mats og Rangers, seier Thoresen.
New York Rangers har også lagt vekt på Zuccas slitasje gjennom ein lang og hektisk sesong.
– Kva signal fekk de før kampen i natt?
– At Rangers veit at Mats har spela langt over 100 kampar denne sesongen, og nesten utan å stå over ein einaste. Han har vore med i OL-kvalifisering, World Cup og no NHL og sluttspel.
Sterkt ønskje frå klubben
– Vi har fått signal om at han treng eit år utan VM for å hente seg inn. Det var eit sterkt ønskje frå dei (Rangers), og det må vi respektere. Derfor tok vi avgjerda for Mats sin del om å ikkje hente han inn. Karterud har stått utanfor troppen. No er han inne, og då har vi alle mann alle, seier landslagssjefen.
Som understrekar at Mats Zuccarello har gjort så mykje som ein kan forlange for Norge tidlegare denne sesongen.
– Han bidrog sterkt til at vi kom til OL. Han har også bidratt til at Rangers har hatt ein bra sesong, sjølv om dei er slått ut i NHL.
– Så no får han kvile så han blir god også neste sesong, meiner landslagssjefen.