– Eg er nokså sikker på at eg blir i Bournemouth også neste sesong, seier Joshua King til NRK.
Det har vore spekulert i klubbskifte for King etter hans gode sesong i England. 16 mål scora han for klubben frå sørkysten sist sesong, og bidrog sterkt til at Bournemouth slutta på niandeplass.
Ei stund trua han Ole Gunnar Solskjærs 18 mål frå 1996/97 – det meste ein nordmann har scora i Premier League i ein sesong.
– Vi har meir å gje, og vil avslutte sterkare neste sesong enn det vi gjorde denne, seier han.
– Og eg har hatt ein god sesong. No vil eg vise at det kan eg også ha i fleire sesongar.
Han seier at han har ein draum om å spele i meisterligaen, slik kompisen Omar Elabdellaoui har gjort med greske Olympiakos.
Det har ikkje mangla på interessen for nordmannen etter hans sterke sesong. Tradisjonsrike klubbar som Newcastle og Tottenham har vore aktuelle.
Men «kongen av Bournemouth» vil helst vere der han er også komande sesong. Han har kontrakt med klubben i to år til.
King er heime no etter sesongslutt, men ein ryggskade held han utanfor landslagstroppen som samlast denne veka til kampar mot Tsjekkia og Sverige.