Hopp til innhold

Sponsor reagerte kraftig etter desse bileta – braut avtalen med norsk OL-håp

Då Sondre Nordstad Moen sin utstyrsleverandør såg det dårlege forsøket på å kamuflere sko av eit anna merke, ville dei ikkje ha noko meir med det norske OL-håpet å gjere.

Sondre Nordstad Moen

FEIL SKO: Sondre Nordstad Moen med sko frå Nike, farga i svart for å skjule merket.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Maratonløparen Sondre Nordstad Moen stilte nemleg opp i ein piggsko-modell frå Nike under arrangementet «Night of Highlights» på Bislett, til trass for at han var under kontrakt med Asics.

Det forsøkte Moen å kamuflere. Han fargelagde skoa svart, men det var ikkje nok til å lure sponsoren.

– Internett er internett, og då gjekk det veldig kort tid før Asics tok kontakt og var veldig skuffa, fortel manager André Hjorteseth til NRK.

No legg Moen og manager Hjorteseth seg flat, men ser likevel ikkje mørkt på framtida – sjølv utan skoleverandør.

– Det er jo utruleg kjedeleg, men no kan eg springe i det eg vil, innrømmer Nordstad Moen til NRK.

Det var Nettavisen som omtalte saka fyrst.

Braut kontrakten

«Termineringa er ein konsekvens av idrettsutøvaren si slutning om å bryte tilliten. Asics er i framsetet i utviklinga av høgteknologiske, innovative fottøy og klede for å støtte behova til utøvarane, og for å kunne fortsette denne suksessfulle strategien, må tillit vere grunnleggande», heiter det i ein pressemelding frå Asics.

Det var Moen og trenar Renato Canova som tok avgjersla om å springe i Nike sine sko.

Nordstad Moen

I GODT DRIV: Sondre Nordstad Moen sprang inn på tida 28.11,71.

Foto: Lise Åserud / NTB

Piggskoa til Asics sat ikkje som ønska, og difor blei dei vraka.

– Eg er 30 år, eg er ikkje noko ungdom lenger. Det er noko eg må ta ansvar for sjølv, seier Moen og fortset:

Eg valte å springe med noko eg har trent med det siste året, og som eg var sikker på eg kunne gjennomføre eit løp med utan konsekvensar undervegs eller etter løpet. Alternativet var å ikkje springe, men både treninga og sjølve løpet var viktig for meg.

– Var dette ein konsekvens du var førebudd på då du tok valet?

– Nei, dette var ikkje noko eg fokuserte på, seier han.

Den støyten må manager Hjorteseth no ta.

– Det var ein kjedeleg greie. Asics låg seg verkeleg i selen for å leggje til rette og satse på han. Ein ynskjer jo ikkje å stå fram slik. Det var kanskje det kjipaste, at vi skuffa dei, seier Hjorteseth.

Sondre Nordstad Moen og Zerei Mezngi.

BETRE SKO: Moen valte å springe i det kjente og kjære, nemleg Nike sine sko. Han var tidlegare sponsa av det amerikanske supermerket.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Står fritt til å velje

Sjølv om Moen har mista kontrakten med ein av verdas største merker, er han ikkje heilt i kjellaren av den grunn.

Med tanke på at løparen valde vekk sin eiga sponsor og knytte på seg Nike i staden, er det vel kanskje ikkje så forferdeleg trist at samarbeidet er avslutta.

Planen før sesongen var i utgangspunktet å stå utan skokontrakt, men så kom Asics på bana med eit tilbod dei ikkje kunne avslå.

No er det tilbake til den opphavlege planen, og skobudsjettet på 40.000 kroner frå eiga lomme.

– Slik utviklinga har vore dei siste par åra, så er det vanskeleg å vite om du har konkurransedyktige sko. Ein del av dei leverandørane som har tatt opp kappløpet med Nike, har litt dårleg tid vil eg tru, seier Moen.

Han meiner det er ein fordel å stå fritt på skomerkefronten.

– Det viktigaste er at du har ein sko som sit godt på foten. Når du prøver ein sko for første gong, så skal du nesten vite etter to til tre minuttar med springing om den er bra for deg. No kan eg springe i akkurat det eg vil.

Rivande skoutvikling

– Meiner du dette bør vere framtida for løparar?

– Det kan det vere. Eg har jobba på joggeskobutikk i mange år, og er heilt klart av oppfatninga at det ideelle er å kunne trene i alle ulike merker, viss ein skal vere kynisk. Det er få merker som er hundre prosent optimalisert i alle kategoriar av sko, seier Moen.

Manager Hjorteseth fortel at planen for Moen er å gå utan skoavtale resten av året.

Nordstad Moen

SER MOT OL: Det største målet i år for Moen er sjølvsagt OL i Tokyo i juli.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Vi er ganske hardt inne på tanken å berre halde oss til det. Vere ein av dei få i verdseliten som går heilt utan skoavtale, og heller kjøpe våre eigne sko. Det å kunne variere mellom dei beste skoa frå Nike, Adidas eller Asics på forskjellige type økter og konkurransar, kan fort vere ein styrke akkurat no, seier Hjorteseth.

Likevel er det ikkje til å komme over at ein lukrativ skoavtale gir ein økonomisk fordel.

– Men vel du for eksempel å springe for ein klesleverandør, så står du ganske fritt. Dei største skoleverandørane vil jo helst at du spring i ein heilt «plain» singlet. Det er noko ein kan tenkje på, om ein ser på totalen – heilskapsbiletet, avsluttar Moen.

Sportsnyheter

Jan Jönsson

Treneren stormet banen, ble utvist og prøvde å klemme dommer: – Ikke akseptabel oppførsel

I kampen mellom Vålerenga og Stabæk ble det baluba på overtid. I sentrum: Stabæk-trener Jan Jönsson.

Siste nytt

  • Sævik med ny scoring da Vålerenga beholdt tabelltoppen

    Både Karina Sævik og Iris Omarsdottir scoret sitt fjerde mål for sesongen da Vålerenga slo Stabæk 3-2 på hjemmebane i Toppserien tirsdag.

    Kampen skulle opprinnelig spilles i september, men ble framskyndet for å legge til rette for Vålerengas deltakelse i mesterligakvalifiseringen. Med tirsdagens seier ligger Vålerenga og Rosenborg på topp med tolv poeng, men VIF har bedre målforskjell. Deretter følger Røa med ni.

    Vålerengas hjemmeseier tirsdag kom etter scoringer av Olaug Tvedten, Ylinn Tennebø og Sævik, som scoret sitt fjerde mål for sesongen. For gjestene sto spisstalentet Omarsdottir for begge nettkjenningene – den siste fem minutter før slutt. 20-åringen har i likhet med Sævik scoret fire ganger denne sesongen.

    Stabæk står med seks poeng etter to seirer og tre tap hittil. Vålerenga har byderby mot Lyn til helgen, mens Stabæk får besøk av Brann. (NTB)

    Toppserien fotball 2023: Vålerenga - LSK Kvinner
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Milliardforlik i saken med overgrepsdømt turnlege

    Amerikanske myndigheter har inngått et forlik på nærmere 140 millioner dollar med ofrene for den overgrepsdømte turnlegen Larry Nassar.

    Justisdepartementet betaler i forliket et beløp tilsvarende rundt 1,5 milliarder norske kroner i forbindelse med krav fra 139 personer. Disse har beskyldt FBI for grov feilhåndtering av overgrepsbeskyldningene mot legen i 2015 og 2016. Justisdepartementet har vedgått svikt.

    Inkludert det siste forliket er det satt av rundt 1 milliard dollar av ulike instanser for å gi kompensasjon til flere hundre utøvere som Nassar
    skal ha foregrepet seg på under dekke av å behandle dem for idrettsskader.

    – Forliket vil ikke gjøre opp for den skaden som Nassar gjorde, men vi håper at det skal gi ofrene for ugjerningene hans noe av den viktige støtten de trenger for å fortsette legingen, sier fungerende visejustisminister Benjamin Mizer.

    I 2017 erkjente Nassar straffskyld for å ha misbrukt ti jenter. Den tidligere landslagslegen soner en fengselsstraff på inntil 175 år. (NTB)

    mn1xUzO0GqM
    Foto: Reuters
  • Roma-spiller friskmeldt etter kollaps

    Evan Ndicka har fått lov til å gjenoppta fotballaktiviteten etter at han tidligere i april kollapset i Romas kamp mot Udinese.

    Ndicka ble liggende på gresset etter 71 minutter i kampen 14. april og holdt seg til brystet. Senere på kvelden opplyste Roma at forsvarsspilleren følte seg bedre og at han skulle gjennom flere tester. De har nå blitt gjennomført, og han er igjen klarert for aktivitet, opplyser klubben på sine nettsider. (NTB)

    qYj-Mb-Adu4
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal