– Det er ein suksessfaktor det, seier Tarjei Bø om å droppe treningsdagbok-føring.
Onsdag meldte bror Johannes Thingnes Bø at han skulle starte med føring av treningsdagbok etter sin dårlegaste sesong på seniornivå.
Den nye planen før OL-sesongen ga NRKs skiskyttarekspert hakeslepp.
– For meg er det sjokkerande at det ikkje er gjort før. Dette gjør at han ikkje veit kva som er oppskrifta på suksess. For han har jo lukkast veldig bra i enkelte sesongar, men ikkje fullt så bra i år, sa Ola Lunde, og sendte eit stikk i retning landslagsleiinga.
– Dette er landslagsleiingas ansvar. Eg er idrettsfag-lærar, og det første eg lærer utøvarane mine er å starte med å skrive treningsdagbok, sa Lunde
Droppa treningsdagbok i sin beste sesong
Storebror Tarjei Bø meiner at det både er positive og negative sider ved å loggføre alt ein gjør på trening.
– Då eg hadde min beste sesong skreiv eg heller ikkje treningsdagbok. Å henge seg opp i alle desse tala er ikkje alltid bra, sjølv om trenarane likar det, seier Tarjei Bø, som tok tre VM-gull og vann verdscupen samanlagt i 2011.
– Eg er for eksempel god på å føre treningsdagbok på sommaren, men når vi går skirenn har eg fokus andre plassar, seier Tarjei Bø.
Samtidig påpeiker den tidlegare sjukdomsplaga 28-åringen at det har vore ein fordel for han å loggføre dei sesongane som har enda med nedturar og motgang etter trøblete oppkøyringar.
– Eg har som regel ført der det smeller, så eg ser jo som regel kva eg har gjort, seier storebror Bø.
Landslagsleiinga har understreka at det no blir strengare kontroll av treningsdagbok-føring.
Storebrors OL-plan: Meir mamma-kos og ferie
Som følger av det veit Tarjei Bø kva han skal endre på for å unngå ei OL-oppkøyring som endar med langt sjukdomsavbrekk, som i fjorårssesongen.
– Når det drar seg til på hausten må eg nok prøve å legge inn ein større friperiode. Då gjeld det å komme seg på ein ferietur og få slappa av litt.
– Eg tåler å legge ned masse trening og køyre kroppen hardt. Problemet er at eg blir sett ut av litt sjukdom og sånne ting. Kanskje treng eg å komme meg heim til mamma og få meir kos, seier ein lattermild Bø.
Og som lillebror Johannes Thingnes Bø har han eit stort behov for suksess OL i Sør-Korea.
– Individuell medalje i OL har vore målet i åresvis etter at eg feila i Sotsji. Eg treng ein revansj.