Johannes Thingnes Bø har lagt bak seg sin dårlegaste sesong på seniornivå. No skal rutinane betrast, melder 23-åringen på treningsleir på Sjusjøen.
– Det handlar om at eg kjem meg opp om morgonen og fullfører det eg har planlagt. Eg kjem til å planlegge litt meir trening enn eg har gjort tidlegare, seier Thingnes Bø.
Og spesielt ein ting blir nytt før OL-sesongen.
– Kanskje eg skal begynne å skrive litt treningsdagbok, seier stryningen.
Utsagnet får NRKs skiskyttarekspert til å måpe.
– For meg er det sjokkerande at det ikkje er gjort før. Dette gjør at han ikkje veit kva som er oppskrifta på suksess. For han har jo lukkast veldig bra i enkelte sesongar, men ikkje fullt så bra i år, seier Lunde.
Kritiserer landslagsleiinga
Thingnes Bø innrømmer at det er større fare for å falle ut av treningsopplegget utan føring av dagbok.
– Kjem du litt ut av det, så er det vanskeleg å hente seg inn. Så blir du hengande bakpå, og får pepper frå trenaren om at du må gjøre leksene dine, seier 23-åringen.
Lunde meiner at dei som får betalt for å følge opp utøvarane ikkje har stilt harde nok krav overfor Thingnes Bø.
– Dette er landslagsleiingas ansvar. Eg er idrettsfag-lærar, og det første eg lærer utøvarane mine er å starte med å skrive treningsdagbok.
Strengare regime
Kritikken får landslagsleiinga til å varsla eit strengare regime. No må alle treningstimar dokumenterast.
– Den føringa av dagbok er viktig for oss. Det blir ei oppgåve trenararar og løparar no må følge kvarandre opp på at det blir gode planar, at treninga blir gjennomført etter planen og at alt blir dokumentert i dagbok, seier idrettssjef i Norges Skiskytterforbund, Morten Aa Djupvik.