Hopp til innhold

Direkte om samanslåing av kommunar og fylke

I dag vedtar Stortinget den såkalla regionreforma. Det betyr at Telemark forsvinn som eige fylke, og at vi blir slått saman med Vestfold til ein ny region. Sjå direktesending frå klokka 10.

Torsdag 8. juni behandler Stortinget både endringer i kommunestrukturen og ny inndeling av regionalt folkevalgt nivå.

Her kan du sjå direktesendinga frå Stortinget om samanslåing av fylke og kommunar som startar klokka 10.

Reforma blir vedtatt med støtte frå regjeringspartia og støttepartia Venstre og Kristelig Folkeparti, og vil gjelde frå 2020.

Bård Hoksrud

Stortingsrepresentant for Frp, Bård Hoksrud.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Stortingsrepresentant for Framstegspartiet, Bård Hoksrud seier at det er det administrative og folkevalde nivået som blir slått saman.

– Telemark vil bestå som valdistrikt ved Stortingsval. Og folk vil kunne stemme på representantar frå Telemark til Stortinget. Men til det folkevalde nivået i den nye regionen vil partia stille eigne lister med kandidatar frå Telemark og Vestfold.

Vil vere positivt for Telemark

Stortingsrepresentant for Telemark Høgre, Solveig Sundbø Abrahamsen, er det med lett hjarte du stryk Telemark frå kartet?

Solveig Sundbø Abrahamsen

Stortingsrepresentant for Høgre, Solveig Sundbø Abrahamsen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Telemark blir ikkje borte. Men det blir ei fylkessamanslåing med Vestfold, som eg trur blir ei positiv utvikling for Telemark.

Sundbø Abrahamsen seier at Høgre ønskjer å legge ned fylkeskommunen, og overføre oppgåvene til større kommunar. Men det er det ikkje fleirtal for på Stortinget. Det er eit stort fleirtal for å behalde tre folkevalde nivå som i dag.

– Dagens inndeling av fylke har vore nærast uendra sidan 1800-talet. Og fylkesgrenser går delvis på tvers av reisemønster, bu og arbeidsregionar og næringsstruktur. Det er ei naturleg utvikling og få større regionar. No går vi frå 19 fylke til 11, og det er nesten ei halvering. Eg ser på det som ei positiv utvikling.

Støttar ikkje tvang

Stortingskandidat for Telemark Senterparti, Åslaug Sem-Jacobsen, Senterpartiet stemmer nei. Kvifor seier Senterpartiet alltid nei til forandringar?

Åslaug Sem-Jacobsen

Stortingskandidat for Telemark Senterparti, Åslaug Sem-Jacobsen.

– Senterpartiet seier ikkje nei til forandringar. Men i denne saka går regjeringspartia og KrF og Venstre inn for tvang. Og det er ikkje vanskeleg å seie nei til.

– Dette ser ut til å bli ein utruleg trist dag for Telemark. Verken Vestfold eller Telemark ønskjer samanslåinga. For i Telemark vil bli taparane i denne kunstige og uheldige konstruksjonen.

Sentralisering og sparereform

Semb Jakobsen meiner reformer er ei sentralisering og sparereform som ikkje vil gje vekst i distrikta. Blant anna ved at store og viktige statlege arbeidsplassar blir flytta til Vestfold.

– Leiinga for politiet, høgskolen, statsadvokatembete, 110 sentralen er flytta, og nå blir vi mest sannsynleg tvinga til å gje frå oss fylkeshovudstaden.

– Du har sagt at eit nytt fleirtal av Senterpartiet og Arbeidarpartiet etter haustens val vil gjere om det vedtaket Stortinget gjer i dag. Kan du her og nå garantere dette?

– Får vi fleirtal ved Stortingsvalet, så kan eg garantere for det. Vi i Senterpartiet er opprørt over dei tvangsvedtaka som kjem i dag. Det gjeld også for folk internt i Arbeidarpartiet og andre parti som ikkje støttar dei vedtaka som blir gjort i dag. Sjølv internt i KrF som må vere med på vedtaket, så er det stor motstand.